Høyring - vegnamn på Få på Finnøy

Matrikkelføraren i Finnøy kommune har konkludert med at utbyggingsplanar gjer at det bør opprettast ein ny adressesparsell, dvs. eit nytt vegnamn, på Få på Finnøy.

Høyringsforslag: Finnøyvegen 567-581 og 589-591 får adresseparsellnamn Fåberget.
Høyringsfrist: 18. oktober 2019
To eksisterande stikkvegar på nedsida (austsida) av fv. 519 Judabergvegen skal knytast saman. Det gjeld: (1) Vegstubben som startar nord for «gamal legebustad» (retning Judaberg) og svingar sørover mellom «legebustaden» og den nye ferjekaien. (2) Stikkvegen som er skilta «Finnøy Rør», som startar ved Anne Marit og Knut Are Johansen sitt hus, og svinger nordover mellom Finnøy Rør og Jürgen Oeynhausen sitt hus. Til parsellen høyrer også «MRE-kaien» (Finnøy Grave- og Sprengeservice) og to nyare bustadhus rett ovanom. Vegløpet er teikna inn her. Kartet er orientert med fjorden ned, slik at nord er til høgre.
 
Få vegnamn.png - Klikk for stort bilete
 

Kolbjørn Ladstein og Erling Bleie har vore medlemmer i begge vegnamnsnemndene i Finnøy. Dei er blitt spurde, og begge foreslår Faaberget/Fåberget som adresseparsellnamn her.

Høyringsforslag: Finnøyvegen 567-581 og 589-591 får adresseparsellnamn Fåberget.
 
Høyringssvar kan sendast til post@finnoy.kommune.no eller til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, merka ref. 16/1337, innan 18. oktober 2019.

 

Saka blir lagt fram i formannskapet 25. september 2019.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 02.09.2019
 
Login for redigering