Helsesystrer er blitt helsesjukepleiarar

 1. januar 2019 skifta helsesystrene yrkestittel og blei meir kjønnsnøytrale helsesjukepleiarar.

Sjølv om yrkestittelen er endra er kompetansen den same. 

Helsesjukepleiar SK.jpg - Klikk for stort bilete Stavanger kommune

Ei undersøking som blei gjennomført viser at berre 38 prosent av innbyggjarane visste at helsesystrer var sjukepleiarar med spesialutdanning.

 

Spesialutdanning

Med endringa av yrkestittel blir det meir tydeleg at dei tidlegare helsesystrene er sjukepleiarar med spesialisering innan helsefremjande og førebyggjande arbeid. Helsesjukepleiarar er ekspertar på fysisk, psykisk, sosial og seksuell helse.

 

Ønskjer fleire mannlege helsesjukepleiarar

Stortinget vedtok samrøystes i desember 2019 at helsesystrene blir helsesjukepleiarar. Målet med endringa av yrkestittel er at terskelen for gutar og unge menn til å oppsøkje tenesta vert lågare, og at fleire menn søkjer seg til spesialistutdanninga. Per i dag er det ingen mannlege helsesjukepleiarer verken i Finnøy eller i nye Stavanger kommune.

Publisert av Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 11.01.2019
 
Login for redigering