Heile Ombo blir ein del av Nye Stavanger

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom Finnøy og Hjelmeland skal justerast frå 01.01.2020. Dermed vert heile øya Ombo ein del av Nye Stavanger kommune.

No er det viktig at innbyggjarane på "Hjelmeland-sida" (Vestersjø krins) får god informasjon om kommunesammenslåinga, som dei no vert ein del av. Innbyggjarane vert inviterer til eit folkemøte på nyåret der ordførarane i Finnøy og Hjelmeland og representantar frå Nye Stavanger vil delta.

På folkemøtet vil innbyggjarane få informasjon om kommunesammenslåinga, skulestruktur og andre tema som er relevante for dei. I dag går elevane frå heile Ombo på barneskule på oppvekstsenteret på Ombo. På ungdomsskulen vert dei delte: elevane på Hjelmelandssida reiser over til Hjelmeland ungdomsskule, elevane på Finnøysida til Finnøy sentralskule.

– Det vil naturlig nok bli endringer på dette no, og alt dette må vi lage smidige overganger på. Detaljene har vi ikkje fått på plass heilt enno, seier ordførar Henrik Halleland.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland seier i si pressemelding at "det er meir formålstenleg at éin kommune forvaltar ei øy som i dag heilt tydeleg er eitt lokalsamfunn, og der Finnøy leverar tenester til alle innbyggarar på øya."

 

Les meir på Kommunal- og Moderniseringsdepartementet sine heimesider. 

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 17.12.2018
 
Login for redigering