Gunnar Skadberg kulturprisvinnar

Den lidenskapelege hobbyhistorikaren Gunnar A. Skadberg fekk Finnøy kommune sin kulturpris 2016, utdelt på tomatfestivalen. Han fekk prisen for at han gjennom nær femti år har samla inn og vidareformidla lokalhistorie frå Finnøy og øyane rundt, både i bøker, artiklar og kåseri. 

Prisvinnaren er frå Stavanger, og han fekk i 2007 Stavanger kommune sin kulturpris. Svigerfamilien knytta han til Finnøy, og gjennom fleire tiår har "byasen" med base på Reilstad iherdig samla og systematisert lokalhistorie og kulturhistorie på Finnøy. Det er formannskapet som tildeler kulturprisen, som blir utdelt annakvart år.

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 22.08.2016
 
Login for redigering