Gratis energiportal for Finnøy

Ønskjer du ei gratis objektiv energianalyse av din bustad i Finnøy kommune, på internett? Energiportalen er ein naturleg stad å starta, enten for deg som planlegg oppussing, ønskjer ei lågare straumrekning eller å auka komforten - og bidra til eit betre miljø.

Energiberekninga er enkel å bruka.

Her vil du raskt få svar på kva energitiltak som lønnar seg mest i nettopp din bustad. Portalen gjer det enklare for deg å finna rett tiltak når valet står mellom store og små energitiltak.

Gå inn på http://finnoy.energiportalen.no

Legg inn adressa di og definer storleiken på bustaden. Kryss av for oppvarmingskjelder som er i bustaden, kva standard bustaden har og om du har gjort oppgraderingar.

Fyll inn informasjon som talet på personar i hushaldninga og kor ofte/kor lenge kvar person dusjar og badar per veke.

Du beskriv og innetemperatur i opphaldsrom og kor stor del av bustaden som er oppvarma, type lys du har, og teknisk utstyr.

Etter at informasjonen er fylt inn får du oppgitt dagens forbruk for husstanden din. Dette kan du samanlikna med det reelle forbruket ditt. Vel deretter ønskt tiltak for bustaden din og få eit overslag over kor mykje energi og pengar du kan spara per år.

Videae vil du få opp ei oversikt over lokale aktørar som kan utføra arbeidet med varmepumpe, vegg, golv eller vindauge. Du kan og sjå på analysar av bustaden sitt energibruk og årleg varmetapsbudsjett før og etter energitiltak. I tillegg kan du sjå korleis besparelsane fordeler seg over året eller på ulike område som oppvarming og belysning.

For meir informasjon om Energiportalen, sjå brosjyren som kan lesast eller skivast ut her:

 https://indd.adobe.com/view/24dd261f-9fc1-463e-b0fc-1bb80468b711

 

 

 

 

 

 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 09.09.2016
 
Login for redigering