Fysio- og ergoterapi i nye lokale

fysio.jpg - Klikk for stort bilete

 

Fysio- og ergoterapiavdelinga har i løpet av desember bytt lokale. Dei har flytta ut av den gamle legebustaden og fått nye og større fasilitetar i lokala der Rygjabø vgs heldt til tidlegare. Fysioterapeutane vil no behandle både der og i lokale i kjellaren på sjukeheimen.

 

Det er også bestilt inn nytt utstyr til sjukeheimen som vil vere på plass på nyåret. Dei nye lokala både på sjukeheim og på gamle Rygjabø vgs gir rom for betre behandlings- og treningsfasilitetar. Dermed kan innbyggjarane i Finnøy kommune få enda betre fysio- og ergoterapitilbod.

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 27.12.2018
 
Login for redigering