Frukostmøte for næringslivet - tema: Husbanken sitt virkemiddelapparat

For å følge opp bustadsosial handlingsplan skal Finnøy kommune saman med næringsforeninga arrangere eit møte for næringsaktørar i byggebransjen der representanter frå husbanken kjem for å orientere om dei ulike ordningane de har for støtte/finansiering. 

 

I samarbeid med Finnøy næringsforening inviterer me næringsaktørar i byggebransjen og andre interesserte til frokostmøte i kommunestyresalen på Rådhuset onsdag 2 november klokken 10.00 - 12.00.

Tema for møtet er bustadbygging i eit bustadsosial perspektiv.

Representantar frå Husbanken er invitert til å holde innleiing om følgjande tema:

 

Husbankens økonomiske virkemiddel for bustadbygging/etablering Grunnlån ( ulike kombinasjonar:  oppføring/kjøp,  salg/utleige) Tilskot (utleigebustader for vanskeligstilte, kommunalt eigd eller kommunalt disponert) Startlån – kjøp av bustad, evt. modellar for leie-til-eie.

 

Me ønskjer alle velkomne!

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 07.11.2016
 
Login for redigering