Forslag til ny kommuneplan for Finnøy 2019-2029 – arealdelen Begrensa høyring sommaren 2019

bilete.jpg - Klikk for stort bilete

 

Forvaltningsstyret i Finnøy vedtok i møte 21.05.2019 å leggje forslag til ny kommuneplan for Finnøy kommune 2019-2029 – arealdelen til begrensa høyring og offentleg ettersyn. Grunnen er at det er gjort fleire endringar etter høyringa våren 2019. Perioden for begrensa høyring er frå 27.6.2019 til 15.08.2019.

I 2020 blir dagens Finnøy kommune ein del av nye Stavanger kommune. Arbeidet med å revidere  kommuneplanen er ei prioritert oppgåve før kommunesamanslåinga, og ein viktig del i arbeidet med å byggje den nye kommunen.

 

Forslag til ny arealdel er utarbeida med grunnlag i kommunal planstrategi 2016-2019 vedtatt av kommunestyret 5.10.2016, planprogram for kommuneplanarbeidet 2019-2029 vedtatt i kommunestyret 06.09.2017, og ny samfunnsdel 2019-2029 vedtatt i kommunestyret 19.12.2018.

 

Etter høyringa våren 2019 er det fleire motsegner frå statlege og regionale myndigheiter som må løysast før kommunen kan eigengodkjenne arealdelen. Finnøy kommune er i dialog med overordna myndigheitene om å løyse desse. Detaljert informasjon om motsegner finn ein i vedlegg til sak 055/19 til Forvaltningsstyret 21.5.2019, sjå link her.

 

Endeleg handsaming av planen vil skje i kommunestyret i slutten av september/oktober 2019. Forslag til ny arealdel med vedlegg, politiske vedtak m.m. kan lastast ned nedst på sida.

 

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til prosjektleiar i Stavanger kommune, Linda Christine Olsen tlf. 51507695, e-mail linda.christine.olsen@stavanger.kommune.no eller til Else May Sevheim i Finnøy kommune 51 71 47 00, e-mail post@finnoy.kommune.no .

 

Eventuelle merknader til det reviderte planforslaget vert sendt til Finnøy kommune innan 15. august 2019, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, epost: post@finnoy.kommune.no. Merk innspel med «begrensa høyring kommuneplan arealdel». 

 

Plandokument, politiske saker og andre dokument kan lastas ned her:

Planomtale (PDF, 5 MB)

Kommuneplankart – heile kommune (JPG, 11 MB)

Kommuneplankart – Reilstad (PDF, 3 MB)

Føresegner, retningslinjer og tabellar (PDF, 2 MB)

 

Temakart kulturminne, omsynssoner kulturmiljø, Sefrak A,B,C (PDF, 698 kB)

Temakart landbruk (PDF, 967 kB)

Temakart/aktsomhetskart kvikkleire og rasfare (PDF, 2 MB)

Temakart naturområde, friluftområde (PDF, 712 kB)

 

ROS-analyse. Innspel til kommuneplan for Finnøy kommune 2019-2029 (PDF, 3 MB)

Konsekvensutredning av innspill til kommuneplan Finnøy (PDF, 3 MB)

Utredning Øyfast. (Norconsult AS) (PDF, 2 MB)

Øyfast. Konsekvensutredning for fastlandsforbindelse i Ryfylke. (Norconsult AS – rev. juni 2019) (PDF, 6 MB)

 

Høyringsbrev (PDF, 198 kB)

Adresseliste høyringsinstansar (PDF, 119 kB)

 

Protokoll sak 055/19 Forvaltningsstyret 21.5.2019 (PDF, 1005 kB)

Protokoll sak 068/19 Forvaltningsstyret 12.6.2019 (PDF, 288 kB)

Oversikt over motsegn (PDF, 150 kB)

Protokoll sak 22.19 Forvaltningsstyre 20.2.2019: KPA Finnøy 2019-2029 1. gangs høyring (PDF, 532 kB)   

Notat - kriterium for vurdering av innspel, utbyggingsreserve  - vedtak  Forvaltningsstyret sept 2018  (PDF, 948 kB)

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 09.08.2019
Artikkel (1)
 
Login for redigering