Førskulebarna engasjerar seg for kommuneplanen

 «Vaksne må ikkje kjefte og vere sinte, men dei må av og til vere strenge for barn kan gjere dumme ting! Det er viktig at vaksne leikar med oss, at dei tøysar og får oss til å le, at dei kan trøyste, passe på oss og at dei vaksne er bestevenner.»

 

Barnehage Talgje.jpg - Klikk for stort bilete

Dette er synspunkt førskulebarna i barnehagane i heile Finnøy kommune synest er viktige. 5-åringane har no vore aktive i medverknadsarbeidet til kommuneplanen. For at dei skal ha det trygt og godt i barnehagen meiner dei også at dei store barna må trøyste dei små, dei må følgje «stopp» regelen, dei må ha venner, leike med vatn og bading, dei må ha trer å klatre i og dei må vere mykje ute. Det er også viktig å ha leikar og gjerder, ete god mat, det må også vere lov til å vere sint og lei. Dei vaksne må lære barna noko og barna vil bli lest for!

Vi kan vel bare konkludere med at BARN ER KLOKE, la oss framleis jobbe saman for barn i Finnøy kommune!

Publisert av Marie Urdal. Sist endra 27.04.2018
 
Login for redigering