Foreldrerettleiing: gratis kurs - start 24. januar

cos.png - Klikk for stort bilete

 

Foreldre i Finnøy kommunen med barn i barnehagealder er hjarteleg invitert til grupperettleiing til hausten. Kurset kan hjelpe til å skape tryggheit og gode relasjonar mellom barn og foreldre. Det er ønskjeleg at begge foreldra deltar samtidig på kurset.

Kurset er gratis og går over 7 gonger. Treffa er på torsdagar frå kl. 09.30-11.00 på Finnøy bibliotek, med oppstart 24. januar.

Å bli foreldre er ein enkel sak, å vere foreldre er mykje meir utfordrande. Nokre gonger går det lett, andre gonger kjenner me ofte på ei usikkerheit eller me opplever å vere utilstrekkelege. Det kan vere periodar i barnets utvikling me opplever som meir krevjande, og det kan vere enkelte av dei daglege gjeremåla som utfordrar noko i oss. Av og til flyt det fint, andre gonger set me oss fast i eit spor.

 

Kvifor COS?

Programmet heitar COS (Circle of security) eller Tryggheitssirkelen. Det er ein modell som kan hjelpe foreldre til å bli tryggare på korleis dei kan møte barnet sitt i heile spekteret av barnets kjensler og behov.

Kurset har fokus på barnas behov, korleis foreldra skal forstå dei signala barna gir, og korleis dei kan møte barna i ulike situasjonar slik at barna får hjelp til å uttrykkje seg hensiktsmessig.

Her kan dykk sjå litt meir om kva det dreier seg om.

   

Me brukar filmsnuttar av samspel mellom foreldre og barn, og snakkar saman i gruppa med utgangspunkt i filmane og dagens tema. I gruppa bestemmer du sjølv kor mykje du vil dele av eigne erfaringar. 

Kurshaldare er Kristin Brabrand, kommunepsykolog og helsesykepleier Margretha Kjølvik Berge.

Om du er interessert eller har spørsmål ta kontakt med helsestasjonen på telefon: 51714750 / 51714747, eller send mail til: margretha.kjolvik.berge@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 10.01.2019
 
Login for redigering