Førebels rekneskap 2017

Førebels rekneskap syner eit netto driftsresultat på kr 805 451, lik 0,26 % av samla driftsinntekter. Budsjettert netto driftsresultat er på 0,80 %. Etter avsetning har Finnøy kommune eit rekneskaps messig mindreforbruk på kr 4 627 640, mot budsjettert kr 4 326 000.

 

Resultat avviker lite i høve til budsjettert mindreforbruk, men der er større avvik i høve til budsjett på nokre av tenesteområda.

Frie inntekter (skatt og rammetilskot) i 2017 er på om lag 204 mill. kroner, vel 2,8 mill. kroner over regulert budsjett. I regulert budsjett la ein til grunn lokal skattevekst på 5,2 % og skattevekst for landet på 1 %. Lokal skattevekst for 2017 vart på 8,8 % og skatteveksten for landet vart på 4,5 %. Ei landsdekkande ordning regulerar at kommunar som tar inn meir skatt pr innbyggjar enn landsgjennomsittet, betalar 60 prosent av differansen mellom gjennomsnittet og skatten dei får inn, til kommunar som tener under gjennomsnittet. Den betydelege lokale skatteveksten, 4,3 % over landet, fører til at Finnøy får trekk i inntektsutjamninga og får då ikkje behalda så stor del av veksten i frie inntekter. Finnøy kommune har mindreforbruk på finanskostnader i form av renter, grunnen er eit lågare rentenivå enn budsjettert.

 

Avrekning av premieavvik mot KLP og SPK og amortisering av tidlegare års premieavvik ga i rekneskapen for 2017 ein positiv verknad på om lag 1,1 mill. kroner.

 

Finnøy kommune fekk i 2017 om lag 0,9 mill. kroner utbetalt frå havbruksfondet. Stor uvisse knytt til fondet si innretning og tidspunkt for utbetaling gjorde at Finnøy kommune ikkje budsjetterte med desse inntektene for 2017.

 

Finnøy kommune nyttar om lag 4,4 mill. kroner meir på drift i tenesteområda enn det som vart lagt til grunn i budsjett. Resultatet er likevel dårlegare, og med større avvik, enn prognosen i økonomirapporten pr. 2. tertial.

 

Tabellen nedanfor syner resultat frå drifta i avdelingane/einingane presentert samla for dei fire tenesteområda:


 Førebels rekneskap - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fellestenester kjem samla ut med eit mindreforbruk på om lag 0,1 mill. kroner. Bak dette talet ligg fellestenester, politikk men òg ymse. Tenesteområdet har hatt mindreforbruk på løn grunna permisjonar, refusjonar og lønsreserven knytt til lønsoppgjeret. Omlegging av drift av IKT gjennom Stavanger kommune, både knytt til årsverk og kjøp av tenester,  har ein ikkje fullt og heilt klart å fanga opp i budsjetteringa. Som varsla i økonomirapporten for 2. tertial er her eit meirforbruk.

 

Oppvekst har eit meirforbruk på om lag 2,5 mill. kroner. Økonomirapporten for 2. tertial varsla at avdelinga ville ha ei drift om lag i tråd med budsjett, men med avvik i form av meir- eller mindreforbruk på nokre av einingane.  Drift av barnehage og vaksenopplæring syner mindreforbruk.  Det er innan skulesektoren ein finn meirforbruk. Årsaka til meirforbruket i skulesektoren er samansett og kan både knytast til ressurssituasjon og særskilde vedtak.

 

Helse og omsorg har eit meirforbruk på om lag 1,1 mill. kroner. Det har gjennom året vore stor uvisse knytt til drift av barnevern og flyktningar, noko som også var grunnen til budsjettreguleringa som vart gjort på desse områda hausten 2017.  Desse to einingane, i tillegg til NAV syner likevel eit samla mindreforbruk på om lag 2,4 mill. kroner. Mindreforbruk knytt til integreringstilskot er naturlig. Tilskotet må påreknast å kunne dekke behov på fleire områder for å ta bidra til god integrering av nye innbyggjarar med flyktningbakgrunn. Pleie og omsorg (304/305) syner eit meirforbruk på om lag 3 mill. kroner. Etter økonomirapporten for 2. tertial, der prognosen på meirforbruk var på om lag 2 mill.kroner, har trongen for innleige av personell og kjøp av institusjonsplassar auka ytterlegare. I budsjettarbeidet for 2018 kom dette fram og dei økonomiske rammene for 2018 er auka i tråd med tidlegare varsla behov.

 

Plan for forvaltning omhandlar også drift og bygg og VA og syner eit samla meirforbruk på om lag 0,9 mill. kroner, der plan og forvaltning har mindreforbruk og drift og bygg har meirforbruk. Driftsstrukturen for eininga drift og bygg vart lagt om i 2017 til også å omfatta all bygningsmasse og ressursar knytt til drift og bygg. Dette har gitt utfordringar som har ført til meirforbruk på eininga.

 

Finnøy kommune har investert om lag 27 mill. kroner i 2017 og realisert eigedom for om lag 3,7 mill. kroner. Finnøy kommune har i 2017 tatt opp lån på om lag  30 mill. kroner for å finansiera investeringar. Langsiktig gjeld (med fråtrekk av pensjonsforpliktingar og lån til utlån) pr. 31.12.17 er om lag 268 mill. kroner. Dette utgjer ei gjeldsgrad på 89 %.

 

Førebels rekneskap 2017 vert nå sendt revisjonen og skal handsamast av formannskap og kommunestyre i møter 25. april.

Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 15.02.2018
 
Login for redigering