Førebels rekneskap 2016

Førebels rekneskap syner eit netto driftsresultat på kr 10 948 101 lik 3,84 % av samla driftsinntekter. Budsjettert netto driftsresultat er på 0,41 %. Etter avsetningar har Finnøy kommune eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 12 844 944, mot budsjettert kr 3 162 342.

 

Årsaka til dette resultatet er i all hovudsak meirinntekter på frie inntekter i kombinasjon med refusjonar og tilskot utover det som er budsjettert.

Frie inntekter (skatt og rammetilskot) i 2016 er på om lag 197 mill. kroner, vel 3,3 mill. kroner over regulert budsjett. I regulert budsjett la ein til grunn lokal skattevekst på 3,0 % og skattevekst i landet på 7,4 %. Lokal skattevekst i 2016 vart på 8,0 % og skatteveksten for landet vart på 9,8 %. Sjølv med ein betydeleg lokal skattevekst vil Finnøy kommune i liten grad via inntektsutjamninga få reduksjon i rammetilskot. Den høge skatteveksten for landet, i kombinasjon med at Finnøy ligg om lag 2 % under skatteveksten for landet, gjer at Finnøy får behalda så stor del av veksten i frie inntekter. Ein har dessutan eit mindreforbruk på finansutgifter i form av renter og avdrag, då eit budsjetterte låneopptak ikkje var naudsynt.

 

Avrekning av premieavvik mot KLP og SPK og amortisering av tidlegare års premieavvik vart i 2016 i tråd med budsjett.

 

Finnøy kommune nytta om lag 6 mill. kroner mindre på drift i avdelingane/einingane enn det som vart lagt til grunn i budsjett. Resultatet er vesentleg betre enn prognosen i økonomirapporteringa pr. 2. tertial. Hovudgrunnen er meirinntekter i form av refusjonar og tilskot som ikkje var kjent eller hadde høve til å kjenna til då økonomirapporten for 2. tertial vart lagt fram for kommunestyret.

 

Tabellen nedanfor syner resultatet frå drifta i avdelingane/einingane presentert samla for dei fem tenesteområda:

rekneskap.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Fellestenester kjem samla ut med eit meirforbruk på om lag 2,2 mill. kroner. Bak dette talet ligg fellestenester, politikk men òg ymse. Budsjettverknad av nedbemanning i administrasjonen, som seinare er vedtatt ikkje skulle følgjast opp, kjem til uttrykk her. Dom frå Stavanger Tingrett i 2016 der oppseiing av arbeidstakar vart kjent ugyldig har påført kommunen sakskostnader/erstatning. I det vesentlege finn ein  kostnader til IKT for heile organisasjonen under fellestenester. 2016 er første heile driftsåret der Stavanger kommune har ansvar for drift av IKT. Endringar i skulenett og administrasjonsnett, knytt til både årsverk og kjøp av tenester, i kombinasjon med omlegging av heile drifta, er ikkje i stor nok grad blitt fanga opp i budsjetteringa. Ein kombinasjon av dette og at noko delvis er budsjettert ute i avdelingane/einingane gjer at ein på fellestenester får eit meirforbruk knytt til drift av IKT og tilsvarande mindreforbruk ute i avdelingane/einingane.

 

Oppvekst har eit mindreforbruk på om lag 1,2 mill. kroner. I hovudsak knytt til refusjonar/tilskot meir enn budsjettert. Der er tidlegare varsla eit forventa meirforbruk i barnehagesektoren, men rekneskapstal nå syner eit forbruk om lag i tråd med budsjett.

 

Helse og omsorg har samla eit mindreforbruk på om lag 6 mill. kroner. Det har gjennom året vore stor uvisse knytt til drifta av NAV, barnevern og flyktningar. På alle desse områda viser rekneskapen mindreforbruk i høve til budsjett. Vertkommunesamarbeidet med Randaberg og Rennesøy om barnevern med endringar i driftsstruktur, årsverk og organisering er ikkje fullt og heilt blitt fanga opp i budsjetteringa. Mottak av flyktningar utløyser tilskot til dekking av utgifter til introduksjonsprogram og busetjing, tilskot rekneskapsførte i 2016 skal dekke opp utgifter som vil koma i 2017, og framkjem som mindreforbruk i 2016. Einingane Heimetenesten og Pleie og omsorg sett under eitt viser ei drift der rekneskapen er i tråd med budsjett, det same gjeld for Faatunet, sjølv om det gjennom året er varsla om eit forventa meirforbruk.

 

Plan og forvaltning omhandlar også drift og utbygging og VA og viser eit samla mindreforbruk på om lag 1,1 mill. kroner.

 

Finnøy kommune har investert om lag 32,4 mill. kroner i 2016 og realisert eigedom for om lag 14,8 mill. kroner. Finnøy kommune har i 2016 ikkje tatt opp nye lån til investeringar, då dei er dekka frå kapitalfond og tidlegare innlånte ubrukte middel. Langsiktig gjeld (med fråtrekk av pensjonsforpliktingar og lån til utlån) pr. 31.12.2016 er 232,5 mill. kroner. Dette utgjer ei gjeldsgrad på 81,62 %.

 

Førebels rekneskap 2016 vert nå sendt revisjonen og skal handsamast av formannskap og kommunestyre i møter 26. april. 

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 15.02.2017
 
Login for redigering