Folkemøte diskuterte Finnøy si framtid

Det var godt oppmøte og gode diskusjonar når godt over 30 Finnøybuarar diskuterte bygdeutvikling og bulyst: kva skal til for at folk skal flytte hit, kva skal til for at dei skal bli, og kva er det egentlig som kjennetegner attraktive bygder og tettstader?

 

I samband med revidering av kommuneplan ønskjer Finnøy kommune innspel frå innbyggjarar og hadde difor invitert til folkemøtet 1. februar i beste fjostid.

IMG_3938.jpg - Klikk for stort bilete

Rådmannen ønskja velkomen og inviterte folk til å komme med innspel både på folkemøta, på opent hus på rådhuset (6. februar kl. 13-19 og 8. mars) eller per e-post. For å lage ein god kommuneplan ønskjer vi å høyre meininga di om det å bu og leve på Finnøy, både om næringsutvikling, landbruk, havbruk, arealbruk, samferdsel, natur, kultur og alt anna du måtte ha på hjartet. Du kan lese meir om kommuneplanen og korleis du kan bidra her.

 

Lokalsamfunnet vi ønskjer på Finnøy

Kvelden byrja med eit tankevekkjande føredrag ved professor Dag Jørund Lønning frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Han hadde med seg filosofane Nietzsche, Sartre og Kierkegaard for å forklare kvifor bygdeutvikling er så krevjande: Det handlar ikkje berre om å byggje veg eller Øyfast, det gjeld våre verdiar, haldningar og val. Vi må setje spørjeteikn ved den inngrodde måten å tenkje på: at massekonsum, vekst og sentralisering er "naturlovar" og at vi ikkje har noko val. Det gjeld i følgje Lønning om å mobilisere motmakt og ta i bruk fellesskapet og vår fridom til å skape og velje det lokalsamfunnet vi ønskjer her på Finnøy.

For å få det til treng vi gode fellesarenaer og fellesskap, og eit deltakande demokrati som er meir enn berre val og offentlege høyringar. Folk må ta eigarskap og medverke direkte i val som gjeld eiga framtid, dei må ta og få ansvar. Lønning forklarte bodskapen ved hjelp av molda: Ho er grunnlaget for at folk vil leve på bygdane, men industrielt jordbruk har ført til at vi misbruker molda. I staden for å kempe imot, må vi spele på lag med naturen. Lønning avslutta føredraget med å ønskje det leikande og skapande menneske tilbake i sentrum – då utviklar ein engasjement - også for eit levande Finnøy.

 

Handle lokalt og setje Finnøy-preg på Nye Stavanger

Diskusjonen prøvde å konkretisere denne bodskapen til situasjonen her i Finnøy: Kva må til for å engasjere "det breie laget", korleis kan vi saman skape utvikling og gode samfunn på alle øyane? Lønning meinte at det viktigaste er at vi har arenaer der folk kan møtast og ha ein ekte dialog, ikkje ein "diskusjon" der konklusjonen er trekt på førehand. Våre grendelag er gode døme på slike arenaer og engasjement. Men vi må også få dei unge til å komme med sine idear og ønskjer, det er dei som må vere med å byggje framtida for eit godt samfunn i Finnøy.

I diskusjonen vart det også trekt frem at vi må handle lokalt og utnytte ressursar og kreativiteten lokalt. Vi er alle ein del av lokalsamfunnet og må i fellesskap sørgje for at lokalsamfunnet fungerer.

Folk må få eigarskap og få rom til å utvikle sin kreativitet, det gjeld også kommuneplanen og difor, frå teori til praksis: Kom med dine tankar og innspel og ver med å sørgje for at Finnøy er det samfunnet vi har lyst å ha, både som eige kommune og som del av Nye Stavanger. Vi må ikkje overlate utviklinga til Stavanger, men bidra sjølv ved å engasjere oss og ta bevisste val, var hovudkonklusjonen.

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 02.02.2018
 
Login for redigering