Folkehelsa

Folkehelseplanen skal vera eit viktig grunnlagsdokument for samfunnsdelen i kommuneplanen, som er under arbeid. Kommunestyret fekk 7. mai er orientering om folkehelse og levekår i Finnøy 2013-2017 (PDF, 2 MB)....

 

Finnøy har sidan 2013 hatt eigen folkehelsekoordinator.Målet for folkehelsearbeidet er å leggja til rette for flest moglege leveår med god helse og å utjamna sosiale helseforskjellar. Medan sjukdomsbiletet for hundre år sidan var dominert av infeksjonssykdomar, er dagens «epidemiar» psykiske lidingar og ikkje-smittsome sjukdomar som bl.a. heng saman med levevanar. Me har alle eit ansvar for å utvikla eit samfunn som fremjar helse, og  kvar einskild har eit ansvar for eigen helse. For å nå målet om betre folkehelse, må vi alle bidra; den einskilde finnøybu, friviljuge organisasjonar, næringsliv og kommunale verksemder. Ei investering i førebyggjande og helsefremjande tiltak vil slik kunne hindra større helsemessige og økonomiske belastningar i framtida.

Kartlegginga beskriv samanheng mellom helse og bakanforliggande faktorar, og oppsumerar befolkningas helsetilstand. Vidare beskrives litt om kva folkehelsearbeid som gjeres i kommunen, og kva folkehelse-utfordringar kommunen står overfor. Innsatsområde for kommunen sitt folkehelsearbeid er:

  1. Kommunen bør vurdera helse- og trivselskonsekvensar som følgje av alle politiske vedtak.
  2. Motverka sosiale ulikskapar i helse
  3. Sørgja for betre koordinering, oversikt og samhandling i kommunens folkehelsearbeid
  4. Styrka den psykiske helsa i alle aldersgrupper av befolkningen
  5. Oppdaga barn og unge som er utsatt for belastningar og setja inn hjelpetiltak tidleg
  6. Støtte ungdom og unge vaksne til å fullføra skole/utdanning og å få ein jobb
  7. Bidra til helsefremmande levevanar
  8. Styrkja integrering av våre nye framandspråklige landsmenn

Rapport: Folkehelse og levekår i Finnøy 2013-2017. (PDF, 2 MB)

 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 19.06.2014
 
Login for redigering