Finnøy kommune sikrar fiberbreiband på Halsnøy, Bjergøy, Helgøy, Kyrkjøy , Eidssund, Fogn og Finnøy sørvest

Finnøy kommune vil ha breibanddekning i heile kommunen og no har kommunalsjef Nils Petter Flesjå underteikna avtale med Telenor og Lyse: dei skal byggje ut fiberbreiband i 7 område i kommunen innan november 2018.

 

Telenor skal forsyne fastbuande, hytter og bedrifter på Halsnøy, Eidssund (på Ombo) og Sjernarøyane (Bjergøy, Helgøy og Kyrkjøy) med fiberbreiband. Lyse vant anbodet for Fogn og Finnøy sørvest.

 

Avtalane føreset minimum 60% oppslutning frå fastbuande og fritidsbustadar. Derfor er det viktig at lokalsamfunna no mobiliserer slik at det blir nok abonnement for at Lyse og Telenor kan gå i gang med utbygginga. 

Breiband til ikkje-landfaste øyer – med kommunale tilskot

 

- For kommunen er det viktig å betre breibandsdekninga på alle dei ikkje-landfaste øyane og å  sikre best mogleg dekning i heile lokalsamfunnet, ikkje berre der det bur mest folk. Vi ønskjer at det bur folk på alle våre flotte øyer. Og i dag er breiband ein sjølvsagt del av livet til både fastbuande, hyttefolk og ikkje minst avgjerande for næringslivet, seier ordførar Henrik Halleland (KrF).

 

- Samtidig heng kostnadane sjølvsagt saman med kundegrunnlaget. Og Finnøy er nøye med skattebetalarane sine pengar. Derfor er vi glad for godt samarbeid med grendalaga og oppfordrar lokalsamfunna å nytte høvet til å teikne fiberabonnement, understrekar ordføraren.

 

Lange avstandar og naturforhold gjer at utbygginga ikkje er lønsamt på kommersielle vilkår. Derfor bidreg kommunen med tilskot for å sikre finansieringa. Kommunen var under planlegginga i kontakt med grendalaga om førebels prioriterte område for utbygging. Grendalaga spelte inn «interesselister» for kvart lokalsamfunn. Kommunen sine prioriteringar i utbygginga vart bygd på breibanddekning i dag og mogleg kundegrunnlag. Det gode samarbeidet mellom kommune, innbyggjarar og utbyggjar gjorde realiseringa av prosjektet mogleg. Kommunen vil bidra til utbygging av breiband til meir eller mindre heile Fogn (95%), Halsnøy (90%), Sjernarøyane (90%) og Finnøy sørvest (100%) i tillegg til utbygging av Eidsund-området på Ombo.

 

Digital motorveg innan eitt år

 

Lyse og Telenor skal byggje hovudtrase og legg til rette for tilkoplingspunkt i form av skap eller stolpar som innbyggjarane kan grave seg fram til sjølv. Både Telenor og Lyse vil arrangere salsmøte i kvart område.

 

Telenor sitt nett vil vere klart i november 2018, Lyse vil vere ferdig med utbygging i mai 2018.

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 21.11.2017
 
Login for redigering