Felles kommunestyremøte - Nye Stavanger

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa har invitert kommunestyremedlemmene i Finnøy, Rennesøy og Stavanger til felles kommunestyremøte, måndag 21. august kl. 15.00 i Statens Hus.

Sakane som handsamast på møtet er:

  • Namnet på den nye kommunen
  • Talet medlemmer i kommunestyret i den nye kommunen
  • Kriterier for samansetning av fellesnemnda og fellesnemnda sine funksjoner
  • Val av revisor for fellesnemda
  • Oppretting av eventuelle fellesorgan som skal sikre samanslåingen av dei tre kommunane
Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 18.08.2017
 
Login for redigering