Engasjerande møte om fiskeoppdrett

Visste du at 90 % av innbyggjarane frå fleire deler av Noreg svara at dei et fisk 1-3 gonger i veka, medan 96% av spurde Finnøybuer svara positivt på det same? Visste du at innbyggjarane på Finnøy tenderer til å vere meir positive til fiskeoppdrett enn befolkninga elles? 

  Tysdag 23. januar inviterte forskingsinstituttet, IRIS, til folkemøte i biblioteket på Judaberg. Fire forskarar  presenterte resultata av studien om innbyggjarane i Finnøy sine haldningar til fiskeoppdrett.

 

Dei frammøtte, blei inviterte til å kommentere resultata. Arrangørane baud på sjømat frå Ryfylkekokken etter møtet, noko som også blei svært godt motteke. «Dette var svært interessante funn og det er flott at forskarane kjem til Finnøy for å dele resultata av studien vi har vore ein del av», sa ordførar Henrik Halleland, som også var tilstades på møtet.

 

Både politikarar, næringsdrivande, innbyggjarar og born har vore involverte i studien. På bileta under kan du studere svara som borna hadde på spørsmål frå forskarane og teikningane borna har laga til studien. Utstillinga blir hengande på biblioteket ei stund.

Barneteikningar.jpg Bevare ved kystområde.jpg Deltakarar.jpg Endre.jpg Hav og kyst.jpg
Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 09.02.2018
 
Login for redigering