Ekstra god investeringsstøtte for mjølkeprodusentar - det er ikkje for seint

landbrukspodden.jpg - Klikk for stort bilete I år prioriterer Innovasjon Norge støtte til mjølkebønder med 15-30 kyr. Difor har kommunen i sommar leigd inn Finnøybu Ruben Eggebø for å gjennomføre eit prosjekt om satsing på mjølkeproduksjon i Finnøy. Målgruppa var alle mjølkebønder i Finnøy kommune, og spesielt unge bønder som har teke over, ventar på å ta over eller berre er interesserte.

 

Avsluttinga av prosjektet vert markert med ein bondepub med live-podcast på landbrukspodden fredag 19. oktober kl. 19 på Landahuset. Der får du siste nytt og ein god drøs. Og nei, det er ikkje for seint til å vurdere satsing på mjølkeproduksjon, seier Fylkesmannen. 

  

 

 

 

 

Landbrukspodden er ein podcast/radioprogram produsert av Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke. Kvar veke har dei gjestar som diskuterer ulike tema innan landbruk og mat. 19. oktober kl. 19:00 har landbrukspodden sin aller første innspeling med live publikum. Og dette skjer på Bondepub på Landahuset på Finnøy! Nestleiar i Kristelig Folkeparti, Olaug Bollestad og prosjektleiar Ruben Eggebø er gjestane og tema er framtida for små og mellomstore mjølkebruk i Noreg. Les mer på Facebook og inviter venner og kjente:

https://www.facebook.com/events/333803590500719/

 

Framleis god investeringsstøtte for små og mellomstore mjølkebønder

På oppstartsmøtet 15. Juni fekk dei over 30 oppmøtte god informasjon om investeringsmoglegheitane, og kvifor desse er ekstra gode no. Ruben Eggebø la også fram resultata frå undersøkinga han har gjort blant mjølkeprodusentane i Finnøy. Presentasjonane til Ruben Eggebø, Fylkesmannens landbruksavdeling v/Anfinn Rosnes og Tine Rådgjeving v/Stein Ove Nesheim er framleis aktuelle og du finn dei under "fil" i høgre marg.

 

Har du spørsmål angåande investeringsmidla, eller lyst til å møte andre over ein liter mjølk (eller ...) er bondepuben eit godt høve.Dersom du har spørsmål eller vi vere med i Facebook-gruppa, ta gjerne kontakt med Ruben Eggebø på tlf (46888035) eller e-post (Ruben.eggebo@gmail.com).  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ansvarleg Silke Ullrich. Sist endra 10.10.2018
 
Login for redigering