Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021

1. november 2017 la rådmannen fram sitt forslag til budsjettet for 2018, og økonomiplan for 2018-2021. I tilleggsnotat av 21. november 2017 kom rådmannen med korrigerte hovudoversikter for investeringar.

Budsjett- og økonomiplanen vart fyrst handsama av formannskapet 22. november 2017, før det vert endeleg vedteke i kommunestyret 13. desember 2017.

Formannskapet si innstilling til kommunestyret ligg ved, saman med budsjettdokumenta for offentleg ettersyn.

FSK- 110/17 VEDTAK :

  1. Kommunalt skattøyre for personlege skattytarar skal i 2018 vera på den maksimalsats som Stortingen fastset.
  2. Eigedomsskatt, på verk og bruk og anna fast eigedom det er høve til å skattlegge, vert utskriven med 5 promille i 2018. 
  3. Allmenn taksering av grunnlag for eigedomsskatt vert utsett i inntil 3 år på grunn av særlege tilhøve knytt til etablering av Nye Stavanger kommune i 2020.
  4. Brukarbetaling Oppvekst 2018 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 2.
  5. Brukarbetaling Helse og omsorg 2018 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 3.
  6. Gebyrregulativ Plan og forvaltning/Drift og bygg 2018 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 4.
  7. Gebyr for 2018, renovasjon, slam mm, vert vedtatt i samsvar med vedlegg 7.
  8. Investeringar i årsbudsjettet for 2018 vert finansiert ved bruk av ubrukt innlånt kapital, ubunde kapitalfond og nytt låneopptak på inntil 60 mill. kroner. Lån vert nedbetalt over 30 år. 
  9. Det vert tatt opp lån i Husbanken til vidare utlån som startlån på inntil 5 mill. kroner. Lån vert nedbetalt over 30 år. 
  10. Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 vert vedtatt i samsvar med forslag frå rådmannen av 21. november 2017 med vedlegg, og med følgjande tillegg/endring:
  • Budsjettramma til ansvar 140 Ymse, teneste 1204 vert auka med kr 65 000 som følgje av at Finnøy kommune går inn i KS si finansieringsordning for digitaliseringsprosjekt. Ikkje disponert netto driftsresultat (rekneskapsmessig mindreforbruk) vert redusert med kr 65 000 frå 1,022 mill. kroner til 0,957 mill. kroner. 
     
  • Rekneskapsmessig mindreforbruk, jf. tabell 3 Økonomisk oversikt-drift, i forslag frå rådmannen (endra frå 1,022 mill. kroner til 0,957 mill. kroner, jf. strekpunkt over) vert ført på avsetning til disposisjonsfond. Rekneskapsmessig mindreforbruk i forslag frå rådmannen er etter dette på kr 0,-  

   11. ​Endringar/tillegg til forslag frå rådmannen (jf. punkt 10):
 

Drift

2018

2019

2020

2021

Inntekter

 
 

Auka frie inntekter

800

800

500

-

 

Havbruksfondet

1 500

2 000

3 100

-

FIN-1

Auka bruk av disposisjonsfond

900

950

-

-

Sum auka inntekter

3 200

3 750

3 600

-

Utgifter

 

HO-1

Auka ramme sjukeheim

1 500

1 500

1 500

-

Ymse-1

Finnøy kyrkjelege fellesråd

450

400

400

-

 

Korps Sjernarøy

50

50

50

-

 

Auka ramme skule

600

1 200

1 200

-

 

Sentrumsutvikling Judaberg

200

200

200

-

Ymse-2

Nytt idrettshus Leikvoll – kommunalt tilskot

200

200

-

-

 

Auka ramme bibliotek

200

200

200

-

Sum auka utgifter

3 200

3 750

3 550

-

Netto endringar på driftsbudsjettet

0

0

50

0

         

Investering

2018

2019

2020

2021

Ny-FSK

Kunstgrasbane Sjernarøy

1 000

-

-

-

 
 
 
Tekstvedtak investeringar
  1. Utbygging av ny sjukeheim og prosess ligg i tidlegare vedtak. Det er per dato ikkje mågleg å finna presise kostnader i investeringsbudsjettet. I intensjonsavtalen med nye Stavanger heiter det: Den nye kommunen skal byggja ut pleie- og omsorgssenter på Judaberg. Omfang og tidspunkt for utbygjinga skal vær i tråd med behovet i nåværande Finnøy kommune. Dette må vær utgangspunkt for vidare planlegging. 
     
  2. Det er eit mål at bygging av kulturhus i regi av Ottohuset vert realisert. Kommunestyret bed om at det kjem ei sak på nyåret om korleis kommunen kan vere med i realisering av dette.

 

Publisert av Helene M. Ohm. Sist endra 01.12.2017
 
Login for redigering