Brukarundersøking i heimetenesta, informasjon

Om kort tid vil Finnøy kommune gjennomføre brukarundersøking for mottakarar av heimetenester (heimesjukepleie og heimehjelp). Du får utlevert eit skjema av tilsett i heimetenesta, men sjølve undersøkinga er intervjubasert.

Vi er opptatt av å kvalitetssikre tenestene for å gi deg eit best muleg tilbod. Då er det viktig for oss å få innsikt i korleis du som brukar opplev kvaliteten på heimetenestene.

 

Vi håper at vi kan få besøke deg for å høyre di mening. Den personen som kjem på besøk er ikkje tilsett i heimetenesten. Alt du seier blir behandla anonymt, ingen får vite kva den enkelte brukar har sagt.
Vi kjem til å ringe for å avtale når det passar at vi kjem på besøk. Pårørande er velkomne til å bistå om det passar.

Har du spørsmål om spørjeundersøkinga kontakt Liv Drange Bråthen på telefon 51 71 47 72

 

Å delta i spørjeundersøkinga er naturlegvis frivillig. Men, vi håper at du på denne måten kan hjelpe oss å skape og vidareutvikle ei  god heimeteneste.

 

Takk for hjelp!

 

Vennleg helsing

Finnøy kommune / Helse og omsorg

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 10.08.2016
 
Login for redigering