Borgarleg vigsel

Finnøy kommune har inngått vertskommuneavtale om borgarleg vigsel med Stavanger kommune. Det betyr at Finnøybuar som vil gifte seg borgarleg må reise til Stavanger rådhus. 

Frå 1.1.2018 har kommunane fått i oppgåve å vigsle folk som vil gifte seg borgarleg. Kommunestyret har 13.desember vedteke å inngå vertskommuneavtale med Stavanger kommune: Det er Stavanger kommune som gjennomfører borgarlege vigslar også for Finnøybuar. Meir informasjon finn du på Stavanger kommune sine sider her. Trass i flotte oppslag i Øyposten kan du altså ikkje bli vigsla av ordføraren Henrik Halleland. For dei som vel kyrkjeleg vigsel er alt som før.

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 05.01.2018
 
Login for redigering