Avfallshåndtering av småbåtar i Finnøy kommune

1. oktober 2017 kom ei ny forskrift som gir kommunen ansvar for handtering av utrangerte mindre fritidsbåtar opp til 15 fot.

 

Båten kan leverast direkte til Ecofiber Recycling, ein vil då få vrakpant, sjå: http://www.ivar.no/aktuelt/fa-vrakpant-pa-baten-din-article6047-593.html

 

Alternativt så tilbyr Ecofiber gratis henting i fjøra eller med båthengjar dersom du kan kvittere på eigarstadfestinga. Denne kan du laste ned på nett https://www.ecofiber.no/returordning

 

Du kan også bestille henting for fritidsbåt på: https://www.ecofiber.no/book-online  

 

Ecofiber tar imot alle typar og storleikar fritidsbåtar. Staten finansierer opp til 3 tonn. Mellomlegg avtalast direkte med Ecofiber om båten er større. Ofte er det verdiar som gir ein gevinst på større båtar som stål , motorar osb.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 04.01.2019
Artikkel (1)
 
Login for redigering