Åkerrikse, ein kritisk truga art som hekkar i eng

Dersom du observerer åkerrikse, er det svært viktig at du melder frå uavhengig av åkerriksa er på eigedomen din eller på ein anna eigedom og anten du kan tenkja deg å setja i verk tiltak, eller ikkje. Dette fordi me ønskjer å få eit så godt tal på populasjonen som mogleg. Å gjennomføra tiltak er frivillig, men me ønskjer at så mange som mogleg vil vera med på å redda åkerriksa.

Hør lyden her: Høyr klipp

 

Kva tiltak som bør setjast i verk i det spesielle tilfellet, kan variera – alt frå åkerriksevennleg slått til å setja av areal (Sjå Brosjyre).

 

For dei som set i verk tiltak, er det gode tilskottsordningar (Sjå skriv på www.akerrikse.no).
 
Bønder som set av areal for åkerriksa kan få eit skilt som forklarer dette. Det kan vera greitt i høve til naboar og andre som lurer på kvifor ei eng ikkje vert slått.

 

Elles vil me oppfordra alle til å halda augene, og ikkje minst øyrene opne i tida framover. Alle kan vera med på å registrera åkerrikser, og me ønskjer å få inn så mange observasjonar som mogleg.

 

Viss du ser eller høyrar åkerrikse ta kontakt så snart som mogleg med

 

Silke Ullrich, landbrukssjef: Tel: 51 71 47 21, mobil: 94 20 60 96, e-post: sul@finnoy.kommune.no

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 27.05.2016
Artikkel (1)
 
Login for redigering