78 vegar på dei ikkje-landfaste øyane skal no få namn

Vegnamnsnemnda for dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy kommune har konstituert seg. Jogeir Aartun er valt til leiar, og Regine Ådland er vald til nestleiar. Andre medlemmer er Kolbjørn Ladstein, Erling Bleie, Else Norheim, Øystein Sandanger og Rolf Magne Eike.

Det er sett opp 78 vegar som treng namn på desse øyane.

Til samanlikning er det 51 vegnamn på øyane Finnøy og Talgje. Formannskapet i Finnøy har valt nemnda med utgangspunkt i namneforslag frå grendelaga, og i tillegg har dei teke med to finnøybuar som har erfaring frå nemnda som var i arbeid på Finnøy og Talgje frå 2010 og utover.

 

Prosessen med innføring av vegadresser byggjer mellom anna på matrikkellova og stadnamnlova, og det er mykje som skal takast omsyn til.  Undervegs blir det henta inn uttale frå Språkrådet sine stadnamnkonsulentar, og det kan det vera nødvendig at Kartverket opnar namnesak for å fastsetja skrivemåten for eit eller fleire stadnamn som ligg til grunn for vegnamna. Når framlegga til vegnamn er klare, blir dei lagde ut på høyring, vanlegvis i tre månader.

Finnøy formannskap har mynde til å vedta vegnamn i kommunen. Sjølv om prosessen er tidkrevjande, er målsettinga å ha dette på plass i løpet av 2019. I Rogaland  er det berre i Finnøy og Sokndal at mindre enn tre fjerdedelar av eigedommane har vegadresser med nummer. Per i dag har berre 45 prosent av eigedommane i Finnøy vegadresser, medan trulovingspartnarane Stavanger og Rennesøy praktisk tala er fulladresserte.

Ansvarleg Nils-Petter Flesjå. Sist endra 20.11.2018
 
Login for redigering