2018: Fleire fognbuar – raude tal i resten av kommunen

Etter fleire år med jamn folketalsvekst, gjekk folketalet i Finnøy kommune noko tilbake det siste året. Alle krinsane og øygruppene gjekk tilbake i folketal i 2018 med unntak av Fogn, som auka med 2,6 %.

 

PT6A4726 kopier.jpg - Klikk for stort bilete

 Langsiktig positiv utvikling på dei landfaste øyane og Fogn

Folketalet på øya Finnøy var 1918 ved årsskiftet. Dette er ein tilbakegang på 1,1 %. Ser vi dei siste ti åra under eitt, har likevel talet på finnøybuar auka med 23,9 %. Talgje hadde ein tilbakegang på 4,1 %, men har dei ti siste åra likevel auka talet på innbyggjarar med heile 49,8 %.

 

På Fogn er det omvendt. Etter mange år med raude tal, er det nå 321 fognbuar. 2,6 % fleire enn eit år tidlegare. Dette gjer at folketalsnedgangen dei siste ti åra «berre» er 8,6 %. Tilbakegangen i tiårsperioden er ujamt fordelt, med 5,5 % i nord og nesten 20 % i sør. Om me ser på dei tre krinsane på Finnøy, er nedgangen jamt fordelt det siste året. I eit tiårsperspektiv er det tydelege skilnader innanfor øya. Lauvsnes/Judaberg og Reilstad har auka med 33,5 % og 30,7 %, medan Hesby-krinsen (vestsida) berre har auka 3,2 % i den same perioden.

 

 

Nedgangen størst på dei ikkje landfaste øyane

I nord held den negative folketalsutviklinga fram. Størst er nedgangen i Fisterøyane, som mista 5,0 % av innbyggjarane det siste åra, og har hatt ein tilbakegang på 14,1 % dei siste ti åra.  Sjernarøyane gjekk samla sett 3,3 % tilbake i fjor, og 10,2 % dei siste ti åra. Helgøysund-området har eit stabilt folketal, og aukar både samanlikna med i fjor og for ti år sidan. I Sjernarøyane er det Kyrkjøy som har mest negativ befolkningsutvikling.

 

På Ombo går også folketalet litt tilbake, men ikkje så dramatisk som på Kyrkjøy og i Fisterøyane. Finnøy-delen av Ombo gjekk tilbake 1,8 % i fjor og 4,2 % over ti år. Tek med med heile øya, er det ein folkenedgang på 2,5 % i fjor, men derimot ein folkeauke på tre innbyggjarar, 1,3 %, over ti år.

 

Befolkninga i den landfaste delen av kommunen har dei siste ti åra auka med 26,5 %, medan den ikkje-landfaste delen har minka med 9,3 %. Om me ser på det siste året isolert, er det derimot nedgangen litt større i den landfaste delen (Finnøy og Talgje), enn på øyane som framleis er avhengige av båt.

Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 22.02.2019
 
Login for redigering