19 gater får nye namn

Kommunesamanslåinga fører til endring av 19 gatenamn i Finnøy, Rennesøy og Stavanger. Dette for at utrykkingskøyretøy, taxier, varelevering og andre som køyrer etter GPS skal finne rett adresse.

Sjå oversikt over gatenamna som må endrast, og prosjektgruppa si tilråding til kva kommune som skal endre gatenamn. Du kan også lese grunngjevinga for prosjektgruppa sine vurderingar her.

Ei prosjektgruppe med fagfolk frå dei tre kommunane har gjennomgått alle gatenamn, og funnet 19 gater som må endre namn. Det er ingen namn som er like i alle tre kommunane. Mellom Stavanger og Rennesøy er det fem like og åtte nesten like namn. Mellom Rennesøy og Finnøy er det eitt likt og eitt nesten likt namn, og mellom Stavanger og Finnøy er det tre nesten like namn. 

 

- Gamle stadnamn behaldast

- Prosjektrådmann Per Kristian Vareide har forståing for at mange av dei som vert ramma har eit forhold til gatenamnet sitt.

- I arbeidet har vi lagt vekt på lokale stadnamn og kva som er logiske namn i områda det er snakk om. I tillegg meiner vi at gate- og vegnamn som er knytt til gamle stadnamn bør haldast på. På den måten håper vi å skape forståing for dei vala som gjerast. Vi har til dømes Fjøløyveien både i Rennesøy og Stavanger. Men i Rennesøy går vegen til øya Fjøløy. Då er det mest naturleg at Rennesøy held på gatenamnet, forklarer Vareide.

 

Inndelt i kategoriar

Eit av prinsippa for adressering og gatenamn er at namn basert på same stadnamn elle same kategori, til dømes treslag og blomar, ligg i nærleiken av kvarandre. På den måten er det enklare for folk å tenkje seg til kor i kommunen adressa er. Prosjektgruppa har likevel vurdert det slik at sjølv om det er uheldig at gatenamn i same kategori er på ulike stader i same kommune, er namna forskjellige nok til at folk finn fram. Dei har difor vald å berre endre dei namna som er heilt like eller så like at dei lett kan forvekslast.

 

Lovpålagte endringar

Matrikkellova krev at gatenamn i same kommune er unike. Det er kommunen si oppgåve som adressemynde å syte for at gatenamna er unike og ikkje kan forvekslast.

Arbeidsutvalet til Fellesnemnda for Nye Stavanger handsamar saka 9. april, før fellesnemnda tek stilling til kva kommunar som må endre kva namn på møtet på Utsyn 16. april. Deretter startar kommuneadministrasjonane arbeidet med å informere dei det gjeld, og samle inn forslag til nye gatenamn. 

 

Sei di meining

Innsamling av namn og høyring av desse vert annonsert slik at alle som vil kan kome med innspel. Forslag til nye namn vert presentert for fellesnemnda i haust. Etter at fellesnemnda har vedteke nye gatenamn, vert dei som er ramma av endringa omadressert til nye gatenamn og eventuelt nye husnummer viss det er naudsynt. Målet er at nye adresser er på plass i god tid før kommunesamanslåinga slik at endringane får litt tid til å gå seg til.

Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 09.04.2018
 
Login for redigering