Branntilsyn og feiing i Finnøy

Ein branntilsyn/feieperiode varer i 4 år, i løpet av denne fireårsperioden skal ein ha ein feiing og eit branntilsyn. Perioden ein er inne i nå skulle starta i 2011 og vare ut 2014, men ein ligg litt etter tidsskjema då det har tatt tid å få på plass ny feieavtale. Ein fekk på plass ny feieavtale hausten 2013, firmaet som utførar dette for kommunen er nå i full gong, dei var ferdig med Talgje og Fogn før nyttår, resten av kommunen blir tatt fortløpande. Feiing og tilsyn med pipe/ildstedet skjer samtidig.

Kommunen minner om at feie og branntilsynsordninga skal gjennomførast etter sjølvkostprinsippet, dvs. at kommunen ikkje kan ta seg meir betalt enn det den kostar å få utført. Dersom det etter denne perioden viser seg at det er avvik mellom inntekter/utgifter, vil avgiftssatsane bli revidert. 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 13.04.2015
Artikkel (1)
 
Login for redigering