Tildeling av startlån

Startlån er eit finansieringstilbod, i form av toppfinansiering, til dei som av ulike grunnar har vanskar med å etablera seg i bustadmarknaden.

 

Startlån skal, ifølgje vedtatte retningsliner, ytast til prioriterte grupper som kan ha vanskar med å koma seg inn på bustadmarknaden. Husbanken har midler som kommunen låner inn og deretter vidareformidlar til søkjarar som stettar krava som retningslinene gjer om lån til toppfinansiering med gode lånevilkår.

 

Startlån kan nyttast til kjøp av ny eller brukt bustad – det vanlegaste er at privat bank eller Husbanken finansierer deler av bustaden og at kommunen yter toppfinansiering med startlån. Startlån kan nyttast til dekking av eigenkapitalbehovet som private bankar eller Husbanken stiller krav om ved finansiering.

 

Søkjar skal kunna betala renter og avdrag på lånet og samtidig har tilstrekkeleg med midler ingen til livsopphald.

 

Finnøy kommune har eit øvre tak for tildeling av startlån på kr 600 000 pr søknad.

 

Det er kommunen som tek imot og handsamar søknad om startlån.

 

Ein kan søkje om startlån til ein konkret bustad eller som førehandsgodkjenning. Førehandsgodkjenning kan nyttast som finansieringsbevis.

 

Ytterlegare informasjon og ordninga med startlån kan du få ved å kontakte Siv Ragnhild Bjerga på telefon: 51 71 47 00 eller e-post: sbj(a)finnoy.kommune.no

 

Søknadsskjema må skrivast ut og sendast inn i papirformat.

 

Søknadsskjema er å finna på Husbanken sine nettsider der kan du også finna informasjon om ordninga både med startlån, tilskott og bustøtte

Publisert av Jonas Jørstad. Ansvarleg Siv Ragnhild Bjerga. Sist endra 10.05.2014
 
Login for redigering