Renovasjon

Finnøy kommune har kjeldesortering med fire ulike dunkar: for restavfall, organisk avfall, papir og farleg/småelektrisk avfall. Finnøy kommune har same renovasjonsteneste som Stavanger har i dag, utført av Renovasjon IKS. 

Alle har fått eller får delt ut standard søppeldunk automatisk etter kvart. Standard storleik for restavfall, organisk avfall og papiravfall er 140 liter. Behaldaren for farleg avfall/småelektrisk er på 40 liter.

 

Viss du vil endre, bestille eller avbestille avfallsbehaldar, kan du bestille det her.

 

Dette gjeld likevel ikkje øyane Bokn, Byre og Nord-Hidle som held fram med same ordning som før.

 

Meir informasjon på Stavanger sine sider 

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 04.01.2019
 
Login for redigering