Seksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eigedommar kallas reseksjonering. 

Kvifor nokre eigedommar kan seksjonerast?

 

Alle bebygde eigedommar som inneheld meir enn ein brukseining kan seksjonerast dersom de oppfyller lovas vilkår. Seksjonering kan skje sjølv om det alternativ er mogleg å frådela de enkelte brukseiningane som sjølvstendig eigedommar med eigne bruksnummer etter matrikkellova. I slike tilfelle er det valfritt for heimelshavar.

 

 

Vilkår for seksjonering

 

Seksjoneringslova stiller ei rekke andre krav som må oppfyllast, mellom anna at eigedommen som hovudregel berre må bestå av eit bruksnummer og deles i like mange seksjonar som det er brukseiningar. Kvar leilegheit vil utgjera ein brukseining. Brukseiningas føremål må vera i samsvar med tillat bruk etter plan- og bygningslova.

 

I beståande bygningar må alle brukseiningar vera ferdig utbygd før eigedommen kan sekjonerast, det vil sei at det ikkje vil vere tillat å seksjonera til dømes loftleilegheit, som ikkje er utbygd på seksjoneringstidspunktet. I forbindelse med nybygging vil det likevel vere tillat med seksjonering etter at igangsettingsløyve er gitt.

 

Brukseiningane må bestå av ein hovuddel som utgjer ein klart avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedommen. Sjølve leilegheita vil til dømes utgjer ein bustadseksjons hovuddel. Bustadseksjonar må ha eiga inngang frå fellesareal eller gata. I tillegg må den ha eige bad, wc og kjøkken innanfor brukseiningas hovuddel. Disse romma må kunne nås utan å måtte passera fellesareal eller andre brukseiningar.

 

Brukseininga kan og bestå av tilleggsdelar som utgjer ein del av den enkelte seksjon, til dømes bod på loft, del av uteareal og parkeringsplass i kjeller. Areal som ikkje er brukseining (hovuddel eller tilleggsareal) er fellesareal. Bestemte delar av eigedommen må vere fellesareal i følgje loven. For kvar seksjon må det vidare fastsetta ein eigarandel, som uttrykkast ved ein sameigebrøk.

 

 

Myndigheita

 

Eigarseksjonar opprettast ved tinglysing av seksjoneringsbegjæringa. Men før tinglysing kan skje, skal kommunen, ved plan- og forvaltning, kontrollera at seksjonsvilkåra er oppfylt, og gje tillating.

 

Kommunens vedtak om tillating eller avslag kan påklagast til Fylkesmannen.
Meir informasjon om klagerett finn du her.

 

 

Korleis søka om seksjonering?

 

Ein seksjonering må starta med at begjæring om tillating til seksjonering sendast til kommunen, til plan- og forvaltning. Plan- og forvaltning vil senda saka vidare til tinglysing dersom seksjonane utgjer lovleg brukseining.

 

All dokumentasjon med skal vere i 2 eksemplar, der 1 eksemplar må vere med original underskrift.

  1. Utfylt skjema for begjæring om seksjonering. Skjemaet skal vere fullstendig utfylt.
  2. Underskrift og fullmakter. Ved bortfesta eigedom skal både grunneigar og festar underskrive.
    Ved ny seksjon: Heimelshavar skal underskriva begjæringa.
    ​Ved deling, samanslåing eller reseksjonering:
  • Sameigarstyret skal samtykke dersom det oppstår nye fellesareal.
  • Sameigarmøte skal samtykke dersom det oppstår nye seksjonar, og dette medføra auka av   det samla stemmetal.
  • Sameigarmøte skal samtykke dersom nokon seksjonar skal endre føremål.
  • Panthavarar skal samtykke dersom seksjonar, deles opp, slås saman, bruksendrast eller reseksjonerast på andre måtar.
  • Samtykke dokumenterast ved underskrift av møteprotokoll.
  • Samtykke frå eventuelle panthavarar dokumenterast ved brev med original underskrift.
     
  1. Liste med namn og adressa på leigetakarar.
  2. Kart som synar riktig grenser og alle bygningar på eigedommen, med angivelse av delar av eigedom som skal inngå i seksjonar. Målbrevskart krevst i tillegg ved tvil om grensene.
  3. Planteikningar over bygning, inkl. kjellar og loft, med tydlege innteikna grenser for brukseininga. Alle rom skal ha angitt bruk.
  4. Sameigarsvedtekter.
  5. Skjema «oppløysning av sameige- heimelserklæring» dersom eigedommen eiges av fleire partar i sameige, og som etter eksponeringa skal eiga kvar sin seksjon. Ta kontakt med advokat eller eigedomsmeklar dersom du ynskja hjelp til å søke. 

 

Gebyr

 

For behandling av begjæring om seksjonering betales 3 ganger rettsgebyret.

 

Meir informasjon om seksjonering finn du på Kartverkets heimeside

Eigarseksjonslova

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
 
Login for redigering