Ordning for sanering av nedgravne oljetankar i Finnøy kommune

 

Forbod mot fyring med fossil olje

 

I forbindelse med klimaforliket i 2012 ba Stortinget regjeringa innføre eit forbod mot fyring med fossil olje i husstanden i 2020.

 

For meir informasjon om overgang frå oljefyring til alternativ løysningar, finn du på nettsida oljefri.no

Forureining ved nedgravne oljetankar

 

Dei fleste oljefyrte varmeanlegg har ein nedgraven oljetank. Nedgravne oljetankar representera over ei tid ein risiko for forureining av grunnen. Risikoen er knyta til fare for lekkasjar og at sjølve påfyllinga av tankane kan forårsaka spill av olje i grunnen rundt tanken. De mest alvorlege problema oppstår ved forureining av grunn og vassressursar, men innemiljø i bustad kan òg bli skadelidande ved lekkasjar frå slike tankar. Grunnforureining oppdagast ofte ikkje føre tanken fjernast eller innemiljø vert berørt.

 

 

Regler og myndigheita knyt til nedgravne oljetankar

 

Alle som eig/brukar ein olje- eller parafintank er ansvarleg for at den er i ein slik forfatning at den ikkje forureinar eigen eller anna manns eigedom. Dette følgjar av forureiningslovas forbod mot å forureina og den ansvarlege må difor sjølv bekosta ein eventuell sanering.

 

Tankar som tas permanent ut av bruk, skal normalt tømmast og gravast opp. Kommunen kan i særlege tilfelle gi tillating til at tankar som permanent går ut av bruk, reingjerast og fyllast med sand, grus eller likande i staden for å bli grava opp.

 

Forskrifta gjeld tankar større enn 3200 liter. Alle eigarar/brukarar av oljetanken er ansvarleg for at tanken er i ein slik stand at den ikkje forureinar eigen eller andre sin eigedom. Det forventast at fleire byggeigarar vil fjerna oljetankar når den tas ut av bruk sjølv om det ikkje er pålagt. 

 

 

Sanering av nedgravne oljetankar i Finnøy kommune

 

Finnøy kommune ynskja ein ordning basert på frivilligheit, der det berre leggast opp til ein registrering i kommunens arkiv over all sanering av oljetankar, òg tankar mindre enn 3200 liter.

 

Sanering av nedgraven oljetank kan gjennomførast på to ulike måtar:

  1. Oljetank tømes, gravast opp og leverast til godkjent mottak.
  2. Oljetanken vert liggjande, men må tømast, reingjerast og fyllast med sand, grus eller liknande.

 

I begge tilfelle skal arbeid med sanering gjennomførast av eit godkjent ansvarleg føretak. Etter at sanering er fullført skal det sendast melding til Finnøy kommune for registrering i arkivet.

 

Melding sendast til post@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
 
Login for redigering