Må eg søke?

Du må følgja plan- og bygningslova når du skal bygge eller gjere mindre endringar på eigedommen din. Sjekk om du må søka ved å bruke Direktoratet for byggkvalitet sin vegvisar: 

Sjekk om du må søke


Les meir om kva du kan gjera på eigen eigedom utan å søke i Plan- og bygningslova § 20-3 og Byggesakforskrifta § 4-1.

 

 

Dersom du finn at bygningen ikkje er søknadspliktig 


- Dersom bygningen ikkje er søknadspliktig, kan du bygge utan å informere kommunen på førehand.

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket er unntatt søknadsplikt, og at det oppførast i høve til gjeldande reguleringsplan og plan- og bygningslova med forskrifter. Sjølv om det ikkje krev søknad og nabovarsel anbefala vi at du informera naboane om planane dine.

Dersom du skal oppføre ein frittståande bygning eller eit tiltak, må du informere kommunen om bygningen og plassering når den er oppført. Du informera kommunen ved å sende inn
Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt og situasjonskart som visar bygningens plassering. Situasjonskart kan du bestille hos kommunen.

Er du i tvil, kan du ta kontakt med plan- og forvaltning for hjelp og vegleiing.

 

 

Viktig å hugse på

  • Tiltak som er i strid med plan- og bygningslova eller reguleringsplan/kommuneplan er alltid søknadspliktig.
  • Fritak frå søknadsplikten gjeld berre dersom tiltaket er i høve til gjeldande reguleringsplan og kommuneplan. Kvifor ein reguleringsplan som gjeld for din eigedom kan du finna ut ved å kontakte kommunen.
  • Ved bygging av garasje, hagestova og tilbygg, må du sjekke utnyttingsgraden for tomta. Kva som er gjeldande for utnyttingsgraden for din tomt finn du i reguleringsplanen.
  • Ved terrengarbeid må du hugse å sjekka om det ligg leidningar i grunn. Du kan ikkje endra terreng over leidning utan samtykke frå leidningseigar. 
  • Dersom eigendommen grensar mot offentleg veg og det ikkje er vist  byggegrensar mot veg i reguleringsplan eller kommuneplan, gjeld veglovas byggegrensar (15 m frå kommunalveg, 50 meter frå fylkes- riksveg).

 

Meir informasjon


Bygg utan å søka – informasjon frå Direktoratet for byggkvalitet
Informasjon om søknadsplikt basert på type tiltak
Sjekkliste for kva som må kontrollerast, utgitt av Norsk Kommunalteknisk Foreining  
 

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
Artikkel (1)
 
Login for redigering