Kva kan eg søke om sjølv?

Nokre tiltak kan du søke om sjølv, men for større tiltak må ansvarleg føretak stå for både søknaden og uførelsene. Les meir om tiltak du kan utføra sjølv i plan- og bygningslova § 20-4 og byggesaksforeskrifta kapitel 3.

Ein oversikt over kva du kan bygga og søke om sjølv finn du her.

 

 

Dersom du kan søke sjølv

 

Les meir om korleis du søker her.

 

 

Dersom du ikkje kan søke sjølv

 

Kontakt fagfolk som kan søke for deg. Din rolle i byggesaka vert då tiltakshavar. Det innebere at du eig tiltaket, men at fagfolk må fylla ut søknaden for deg. Prosjektering og utførsel overlates også til fagfolk som du må engasjera og inngå avtale med. Føretaka må erklæra ansvarsrett.

 

 

Føretaka får ansvarsrett i tiltak når erklæring er sendt til kommunen.

 

Føretaka skal senda ein erklæring til kommunen om at det påtar seg det juridiske og offentligrettslige ansvaret for byggesaka. Med erklæringa bekrefta føretaket samtidig at det har den nødvendige faglege kompetanse til å kunne utføra arbeidet på ein forsvarleg måte. Erklæringa skal sendast inn før arbeidet vert påbegynt, men arbeidet kan starta umiddelbart etter at erklæringa er sendt. Når erklæringa er sendt, har føretake påtatt seg ansvaret.

 

Hos Direktoratet for byggkvalitet kan du søke etter firma med sentral godkjenning.

 

Er du i tvil om du kan søke sjølv, kan du ta kontakt med plan- og forvaltning for hjelp og veiledning.

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
Artikkel (1)
 
Login for redigering