Korleis søke sjølv

Korleis søke?

  1. Bestill situasjonskart hos servicetorget i kommunen eller elektronisk her
  2. Bestill naboliste frå servicetorget i kommunen
  3. Teikne inn tiltaket på situasjonskart og lag plan-, snitt,- og fasadeteikningar som er målsett og i målestokk. Krav til teikningar
  4. Send ut nabovarsel. Ved nabovarsel brukas skjema 5154, 5155 og 5156. Skjema 5154 skal berre nyttast ved rekommandert sending, eit skjema til kva nabo. Naboane skal sende sine merknadar til deg, slik at du kan kommentera de før alt sendast til kommunen. Meir informasjon om nabovarsling finn du her
  5. Vent minst 2 veker på eventuell nabomerknad før du sender søknaden til kommunen.

 

Søknad og vedlegg

 

Søknad skal innehalde følgjande:

  • Søknadsskjema 5153 utfylt og underskreve
  • Kopi av nabovarsel
  • Kvittering for nabovarsel
  • Eventuelle nabomerknadar med din kommentarar
  • Eventuelt søknad om dispensasjon  
  • Målsett situasjonskart som visar tiltakas plassering
  • Plan-, snitt og fasadeteikningar som viser sist godkjent situasjon (eksisterande teikningar) må vedleggas. Er det forskjell mellom faktisk situasjon og siste godkjente situasjon, må dette gjerast reie for.   

 

Alle skjema/byggesaksblankettar finn du på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.
Søknaden kan sendast til kommunen per e-post eller post.

 

Du kan og søke via ByggSøk

 

 

Kva kostar det å søke?


Her finner du saksbehandlingsgebyr for Finnøy kommune.

 

 

Trenger du hjelp eller veileiing?


Er du i tvil, kan du ta kontakt med plan- og forvaltning for hjelp og rettleiing.  

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
Artikkel (1)
 
Login for redigering