Ferdigstillelse?

Tiltak som ikkje er søknadspliktig?

 

Dersom du har oppført ein frittståande bygning, eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt, må bygningen registrerast i eigedomsregisteret. Dette gjer du ved å fylle ut skjema for ferdigstillelse og sende inn et situasjonskart som viser plassering av bygget til kommunen.

Tiltak som er søknadspliktig?


Ferdigattest

 

Før du kan ta i bruk en søknadspliktig bygning, må du søke om ferdigattest. Søknaden sendes inn når bygningen er ferdig. Attesten viser at saken er ferdigbehandla av kommunen og at tiltaket kan tas i bruk.

 

Dersom du har fått hjelp av ein ansvarleg søkjar tidlegare i byggesaka, er det den ansvarlege søkjaren som skal søke om ferdigattest.

 

Søknadsskjema for ferdigattest

 

 

Mellombels bruksløyve 


Så lenge det berre står att mindre arbeid og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du søke om mellombels bruksløyve. I søknaden må det gå fram kvifor eit arbeid som står att, og ein frist for å ferdigstille bygningen. Eit mellombels bruksløyve gjer at du kan ta i bruk bygningen før du har fått ferdigattest.

 

Søknadsskjema for mellombels bruksløyve

 

 

Saksbehandlingstid


Saksbehandlingsfristen for søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve er 3 veker, men søknaden vert behandla så raskt som mogleg. 

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
 
Login for redigering