Dispensasjon?

Kva er dispensasjon?

 

Dersom du ynskja å bygge, rive eller endra noko som er i strid med lovar, reglar og bestemmelsar for din eigedom, kan du søka om dispensasjon.

 

Dispensasjon frå byggereglane innebere eit ynske om å fråvike de lovbestemte forhold i ein konkret sak, som oftast til gunst for søkar. Det er kommunen som avgjer ein søknad om dispensasjon etter plan- og bygningslova.

 

Dispensasjon kan vere varig eller tidsbegrensa. Du kan søka om dispensasjon frå alle bestemmelsar, men ikkje frå saksbehandlingsreglar (SAK 10).

 

Kva skal til for å kunne få dispensasjon?

 

Du kan få dispensasjon dersom:

  1. Omsyna bak bestemmelsen det dispenserast frå, eller omsyna i lovens formålsbestemmelse § 1-1 ikkje vert vesentleg tilsidesett.
  2. Fordelane må vera klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.

Begge desse vilkåra må vera oppfylt for at kommunen kan vurdera å gi dispensasjon.

Når du skal søke om dispensasjon må du grunngi den med forhold som er spesielle for din sak. Argumenter som vanlegvis ikkje er avgjerande, er personlege forhold som

  1. Behov for større plass
  2. Sjukdom
  3. At dispensasjon er nødvendig som ledd i arveoppgjer.

Grunnen er at arealbruk fastlegges i eit livslangt perspektiv, mens eigarforholda på staden vil kunne vera skiftande.

 

 

Korleis søke om dispensasjon?

 

I søknaden skal du beskriva tydeleg kvifor ein bestemmelse du søker dispensasjon frå. Søknaden må vera grunngitt og naboane må varslast om dispensasjonen. Her finner du meir informasjon om nabovarsel

 

Du kan søke om dispensasjon i førekant eller samstundes med tiltaket (det du skal bygge).

 

 

Saksbehandling?

 

Saksbehandlingsfristen er på 12 veker frå mottatt søknad. Du vil normalt få ein tilbakemelding innan 2 veker om det er nokre manglar ved søknaden.

 

Dersom søknaden berøre andre statlege myndigheiters saksområde, vil søknaden sendast til uttalelse dersom du ikkje har gjort det i førekant. Andre myndigheita har 4 vekers svarfrist.

 

Ingen har krav på å få dispensasjon. Dersom det vert gitt avslag på saksbehandlinga, har du klagerett.
Meir informasjon om klagerett finn du her

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
 
Login for redigering