Deling av eigedom

Dersom du ynskja å dele eigedommen din, må du søke om oppretting av ny matrikkeleining. Ved oppretting av ny matrikkeleining vert det etablert ein ny eigedom med eige gards- og bruksnummer. 

 

Korleis søke om deling?

 

Du må sjekke om delinga er i høve til plan- og bygningslova og gjeldande reguleringsplan. Dersom område ikkje er regulert, krev kommuneplanen detaljregulering. Alternativ må det søkast om dispensasjon. Her kan du lese meir om dispensasjon (link til dispensasjon)
For deling av eigedom i LNF-område, sjå meir informasjon her (link til erverv, deling av LNF)

 

Naboane må varslast om søknaden før den kan sendast inn til kommunen. Naboliste og situasjonskart bestillast hos servicetorget i kommunen.

 

Søknadsskjema og rekvisisjonsskjema

  1. Søknadsskjemaet må fyllast ut og signerast av samtlege heimelshavarar. Saman med søknaden må det sendst inn:
  2. Gjenpart av nabovarsel, skjema
  3. Kvittering for nabovarsel, skjema
  4. Situasjonskart som viser ynskja grensa med foreslått bustad- og garasjeplassering, avkøyrsel, åtkomstveg, parkeringsløysning og utanomhusareal
  5. Revkisisjon av oppmåling (pbl. 20-1 m)
  6. Eventuelle dispensasjonssøknad
  7. Gjere greie for:
    a. Ivaretaking av krav etter kommuneplanbestemming § 1.1
    b. Utnyttingsgrad for eksisterande tomt
    c. Avkøyrsel- og parkeringsløysing
    d. Storleik på utanomhusareal
    e. Eventuelle naboprotestar og kommentarar til protestar
    f. Eventuelle førehandsuttalelser frå andre myndigheita
    g. Dersom åtkomst eller leidning berørar andre grunneigarar må det dokumenterast at nødvendig privatrettslege rettigheitar føreligger

 

Kva kostar det?

 

I høve til gebyrregulativet for 2017 gjeld følgjande satsar:
For frådeling i høve til reguleringsplan er saksbehandlingsgebyret kr. 5000;
For frådeling med dispensasjon varierer gebyret m.a kvar delinga skal skje, sjå Sjå gebyrregulativ 2017 her.


I tillegg kjem det gebyr for tinglysing, kr 525;, og oppmålingsforretning.
Gebyr for oppmålingsforretning er avhengig av tomtens areal. Sjå gebyrregulativ 2017 her.

 

 

Kva skjer vidare?


Saksbehandlingsfristen er avhengig av om det søkast om dispensasjon. For søknad utan dispensasjon er sakebehandlingsfristen 3 veker, mens for søknad om dispensasjon er fristen 12 veker.

 

Søknad om dispensasjon for frådeling av nye bustadtomter behandlast politisk eller administrativt i avdeling for plan- og forvaltning.

 

Etter at søknad er behandla vert du kontakta av oppmålingsavdeling for å avtala oppmålingsforretning.

 

 

Klage

 

Dersom resultatet av saksbehandlinga vert avslag eller det i løyve er satt vilkår du er ueinige i, kan du klage på vedtaket. Her finn du meir informasjon om klageretten.

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 17.03.2017
 
Login for redigering