Reguleringsplaner

Ein reguleringsplan er ein detaljert plan som viser tillete arealbruk i framtida innanfor eit avgrensa område. Reguleringsplan må utarbeidast når nokon har planar om større byggje- og anleggsarbeid eller når det er krav om det i overordna plan (arealdelen av kommuneplanen eller kommunedelplan). Reguleringsplan kan utarbeidast av kommunen og av private, og kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Kommunen har utarbeida sin eigen rettleiar for utarbeiding av private reguleringsplanar. Rettleiaren skal vere eit tilleggshjelpemiddel både for forslagsstillar og saksbehandlar i kommunen. Oppbygging av rettleiaren er kronologisk og følgjer dei ulike stega i planprosessen.

Det er viktig å ta kontakt med kommunen, ved avd. for Plan og forvaltning, for å avtale førehandskonferanse før ein set i gang reguleringsarbeid.

 

Les meir om utarbeiding av reguleringsplanar etter plan- og bygningslova på Miljøverndepartementet sine heimesider.

 

Gjeldande reguleringsplanar

Planar som vert vedtekne etter ny plandel i plan- og bygningslova skal gjerast tilgjengeleg, også med informasjon om dispensasjonar og endringar. Kvar plan skal kunne refererast med ein nasjonal og unik "planident".

 

Tekniske endingar gjer at frå innføringa av ny nettsideløysing for Finnøy kommune 12. mai 2014 er reguleringsplanane ikkje lengre klikkbare. Ein arbeider med å få plass ei løysning slik at flest mogleg reguleringsplanar er tilgjengelege på internett. Inntil ei ny løysing er på plass kan alle plandokument oversendast på førespurnad til avd. for Plan og forvaltning, sjå kontaktinformasjon nedanfor.

 

Godkjende planar frå før 1.juli 2009 vert då publiserte med atterhald om feil og manglande registrering av dispensasjonar og søknader om (mindre) vesentleg endring av den enkelte plan.

 

Reguleringsplanar under behandling

Det er fleire reguleringsplanar under behandling i Finnøy kommune. Aktuell informasjon om enkeltplanar vil verte lagt ut under Høyring på nettsida. For informasjon om pågåande planarbeid, kontakt avd. for Plan og forvaltning gjennom Servicetorget på tlf. 51 71 47 00. 

 
Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 06.01.2017
 
Login for redigering