Kart og oppmåling

Hovudoppgåva til kart- og oppmålingstenesta er å sørge for at nødvendig og rett geografisk informasjon er tilgjengeleg for publikum, politikarar og saksbehandlarar. Dette blir gjort gjennom ajourhold av kart og oppdatering av Matrikkelen.

 

Arbeidsområda til kart- og oppmålingstenesta er i all hovudsak følgjande:

  • Frådele og måle opp nye egiedomar som skal oppretteast etter delingsloven/matrikkelen
  • Justere grenser mellom eigedomar
  • Påvise eigedomsgrenser etter målebrev
  • Etablere fastmerker for å kvalitetssikre målearbeidene
  • Seksjonere eigedomar
  • Samanføye eigedomar
  • Ajourhalde databasen over kommunen sine eigedomar
  • Kontinuerleg oppdatering av Matrikkelen
  • Vedlikehalde kommunalt kartverk, herunder etablere og ajourføre ulike karttemaer.
  • Holde dei forskjellige karttemaene ájour
     

Matrikkelen er det nasjonale registeret over all fast eigedom i Norge. Det inneheld opplysningar om grunneigedom, adresser og bygningar. Matrikkelen er heimla i Lov om eigedomsregistrering (matrikkelloven). Den er delvis tredt i kraft og vil heilt erstatta delingslova og signallova. Statens kartverk blir gjennom lova gitt rolla som sentral matrikkelmyndigheit, men kommunen blir gitt rolla som lokal matrikkelmyndigheit.

 

Det er tenesteavdeling Plan og forvaltning som er ansvarleg for kart og oppmåling. Plan og forvaltning er lokalisert på Rådhuset på Judaberg, og kan kontaktast på telefon: 51 71 47 00 eller e-post: post(a)finnoy.kommune.no 

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 06.01.2017
Dokument (1)
 
Login for redigering