Eigenerklæring om konsesjonsfridom

Med nokre unntak, må alle som kjøper eller overtek ubebygde tomter, fylla ut eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Denne erklæringa må godkjennast av landbrukssjefen og leggjast ved når skøytet blir sendt til tinglysing. Skjemaet ligg føre på nynorsk og på bokmål, og kan lastast ned ved å trykka på lenkene her.

Etter å ha fylt ut skjemaet kan det sendast eller leverast til Finnøy kommune, Plan og forvaltning, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy. Ein vil så få skjemaet tilbake med stempel og underskrift, og dette kan då leggjast ved skøytet som ein sender til Statens Kartverk for tinglysing.

 

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 06.01.2017
 
Login for redigering