Om Finnøy

judaberg3 - Klikk for stort bilete

 

Finnøy kommune er eit øyrike ytterst i Ryfylke i Rogaland. Landarealet er rundt 104 km2. Kommunen har om lag 3200 innbyggjarar (pr. 2. kvartal 2018).

 

Finnøy grensar til Hjelmeland i aust, Suldal og Vindafjord i nord, Bokn i vest og Rennesøy og Strand i sør. Grensa mot Hjelmeland går tvers over øya Ombo. Dei andre kommunegrensene går ute på fjordane.

 

Det bur folk på 16 av øyane i kommunen. Over halvparten av innbyggjarane bur på øya Finnøy. Der ligg også administrasjonssenteret: på Judaberg som er den einaste tettstaden i kommunen.

Finnøy er ein stor hyttekommune, og om sommaren kan folketalet doble seg.

Kommunikasjonen til øyane går for det meste føre seg med hurtigbåt og ferjer. I 2009 fekk kommunen fastlandssamband med Rennesøy gjennom tunnel (Finnfast). Sidan har folketalet i kommunen auka, spesielt på dei to landfaste øyane Finnøy og Talgje.

Terrenget er flatt, det er berre to av øyane som når høgare enn 200 moh. Det høgaste punktet er Bandåsen på Ombo, med sine 515 moh.

 

Blågrøn kommune

Landbruket har ei særstilling i Finnøy kommune. Primærnæringane sysselset nesten 20% av dei yrkesaktive. Landbruk er også svært viktig for busetting på dei ikkje-landfaste øyane. Finnøy er kjent som tomatkommunen som står for rundt 30% av den norske tomatproduksjonen. Men vi er også den største havbrukskommunen i Rogaland med 20 lokalitetar for oppdrett av matfisk og med lakseslakeri på Helgøy. 

 

Nye kommunegrenser

I 1965 vart Finnøy kommune slått saman med Sjernarøy, delar av Fister og Jelsa til det som i dag utgjer Finnøy kommune. Frå 01.01.2020 blir Finnøy, Rennesøy og Stavanger til nye Stavanger kommune frå. For meir informasjon om kommunesamanslåinga sjå her.

 

Finnøy_kommunevåpen.png - Klikk for stort bilete

Kommunevåpenet og kommuneflaget til Finnøy kommune vart vedteke av kommunestyret 25. november 1982: På blå grunn ei vengja sølv pil på skrå oppover. Det er henta frå stamvåpenet til Hestbø- eller Hesbyætta. Denne ætta var ei av Noreg sine mektigaste i seinmiddelalderen.

 

 

Rik kulturarv

Finnøy har to steinkyrker frå mellomalderen: Talgje kyrkje som er frå ca. 1140 og Hesby kyrkje som er frå ca. 1200. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei "perle" frå rennesansen.

 

Det er funne mange fornminne i Finnøy kommune. Det eldste er eit isbjørnskjelett som vart funnet under ein kjellar på Judaberg. Isbjørnen "Finn" som har fått si eige utstilling på Arkeologisk Museum i Stavanger, er om lag 10 600 år gamal. Frå same tid er det òg funne restar av ein grønlandskval på Fogn. Den eldste daterte buplassen på Bjergøy i Sjernarøyane er ca. 5-6 000 år gamal.

 

Kjente personar frå Finnøy:

  • Aslak frå Finnøy (død 1030) er fleire gonger nemnd i Snorre si kongesoga. Han kjempa og falt i bondehæren i slaget på Stiklestad
  • Ogmund Finnson frå Hesby (ca. 1315-1388) var drottsette og styrte Norge for kongen i to periodar på 1300-talet (minnesmerke ved Hesby kyrkje)
  • Asgaut Regelstad (1761-1847) var med til Eidsvoll i 1814 (minnesmerke ved Hesby kyrkje)
  • Alfred Hauge frå Kyrkjøy, Sjernarøy (1915-1986) forfattar (minnesmerke ved Sjernarøy kyrkje)
  • Nils Henrik Abel (1802-1829) matematikar (minnesmerke ved Finnøy prestegard)

Meir statistikk om Finnøy finn du på SSB sine sider.

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 09.10.2018
 
Login for redigering