Nytt legevaktnummer

Legevakta har nå fått same telefonnummer i heile landet: Det sekssifra nummeret 116117 (hundreogseksten-hundreogsytten). Då kjem du til legevakta der du oppheld deg, same kvar i Norge du ringer frå. Nummeret skal fungera både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

Det lokale legevaktnummeret for Finnøy er frå 1. september endra til 51.51.02.02, og kan framleis brukast. Det er nyttig dersom ein ønskjer å nå ein annan legevakt enn der ein oppheld seg. Dette er nødvendig t.d. om ein ringer for eit sjukt familiemedlem som oppheld seg ein annan stad.

 
 

Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekka hastehjelp som ikkje kan handterast ved å bestilla vanleg time hjå fastlegen.

 

Legevakta er open for telefonar heile døgnet. Det er i dei fleste tilfelle best at du ringjer på førehand for å få ei vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.

 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringa?

  • Fastlegen din i åpningstida 
  • Legevakt 116.117 når legen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta 
  • 113 når det er akutt og står om liv
Sist endra 31.08.2015
 
Login for redigering