Næring

Bilete av tomatar. - Klikk for stort bileteBilete av tomatar. Nina Matthews - CC Å legge til rette for næringsutvikling i kommunen skjer på mange plan. Etablerarar treng bistand og rettleiing, medan etablerte bedrifter treng tilgang til både nytt areal og naudsynt kompetanse.

Finnøy kommune har organisert arbeidet med næringsutvikling slik at 1. linetenesta vert utført av Ryfylke Næringhage. Næringshagen er en del av SIVA sitt innovasjonssystem, og er Norges leiande blågrønne næringshage.  

 

Næringslivet i Finnøy er i stor grad organisert i Finnøy næringsforening. Finnøy kommune har et godt etablert samarbeid med næringsforeningen. Samarbeidet består i open og ærleg dialog gjennom jamlege møtar med ordførar og administrativ toppleiing. Vidare legg næringsforeningen til rette for bedriftsbesøk for politisk toppleiing.  

 

For å betre samarbeidet mellom næringslivet og Finnøy kommune har næringsforeningen og kommunen saman utarbeida 10-punkter for betre samarbeid mellom næringslivet og Finnøy kommune. Punktane vart godkjent av kommunestyret 7. mai 2014.  

 

Fram til og med 2013 har Finnøy kommune kvart år blitt tildelt midlar til kommunalt næringsfond. Desse midlane har vore administrert av Ryfylke næringshage. I 2014 vart kommunen ikkje tildelt midlar til kommunalt næringsfond.  

 

Finnøy kommune er plassert i sone 1a for differensiert arbeidsgjevaravgift. Dette gjer at kommunen kvart år blir tildelt ein kompensasjon for dette. Finnøy næringsforening administrerer desse midlane for utdeling til ulike næringstiltak i kommunen.     

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering