Tilskot til drenering/grøfting av dyrka jord

 

God drenering er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i årene som kjem. Det er også eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. Landbruksdirektoratet fastsatte i 2013 forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord. Tilskotsordninga vidareførast gjennom jordsbruksavtala.

 

Det kan gjennom ordninga gis tilskot til grøfting av dyrka areal. Ordninga omfattar ikkje tilskot til grøfting ved nydyrking. For grøfting av vassjuk dyrka jord kan det gis eit tilskot på inntil 1000 kr pr.daa ved systematisk grøfting eller 15 kroner pr. løpemeter ved usystematisk grøfting. Berekna tilskot på under kr 3000 vert ikkje utbetalt.

 

For tiltak som gjeld til dømes hovudgrøfter som drenerer  fleire garder kan det vere aktuelt å søkje om «SMIL»-midlar (tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket) til hydrotekniske anlegg, sjå under denne tilskotsordninga.

 

For informasjon kan du kontakte Silke Ullrich eller David Imhof på kommunen sitt landbrukskontor.

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering