SMIL-middel (spesielle miljøtiltak i landbruket) - søknadsfrist 1. oktober

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere aktive bønder til frivillig innsats for å ta vare på kulturlandskapet og biologisk mangfald, samt hindre ureining. 

 

Det kan søkjast om tilskot til

  • oppsamling og resirkulering av gjødselsvann i veksthus
  • turstiar
  • skjøtselstiltak (kulturlandskap, biologisk mangfald)
  • restaurering av verneverdige bygningar
  • fangdammar/reinseparker
  • hydrotekniske tiltak
  • planlegging av tiltak m.m. 

Søknadsfrist 1. oktober    

 

Kommunen behandlar og avgjer søknadar om tilskot. Kommunane utarbeider overordna retningsliner for prioritering av søknadane (lokale tiltaksstrategiar).

Tilskot kan gis til føretak der det førgår ein tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen. Landbrukseigedomen sin eigar må gje samtykke til gjennomføring av prosjekt eller tiltak etter denne forskrifta.

Søkjer må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eid og leid jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areala med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold av miljømessig betydning skal være kartfesta og beskriva.

 

Oppsamling av gjødselsvann frå veksthus er prioritert i år

Oppsamling av gjødselsvann frå veksthus er svært kostnadskrevjande tiltak og SMIL middel er avgrensa, har veksthuskommunane i Rogaland blitt samde om lågare satsar for tilskot til oppsamlings- og resirkuleringsanlegg i veksthus enn det som ligg i Finnøy kommune sin strategi for tildeling av SMIL-middel.Satsane som gjeldar for oppsamling av gjødselsvann i veksthus er: 35 % av godkjent kostnadsoverslag opp til eit maks beløp på kr. 250 000,-. For mindre gartneri (under 10 dekar) som må installere både renner og sterilisering kan maks tilskot hevast opp til kr. 300 000.

 

Sjå Finnøy kommune sin Strategi for tildeling av SMIL-middel eller ta kontakt med landbruksforvaltninga.

 

Vedlegg:

SMIL strategi (PDF, 621 kB)

søknadsskjema (PDF, 165 kB)

Ansvarleg Silke Ullrich. Sist endra 29.08.2018
 
Login for redigering