RMP (regionalt miljøprogram)

Li med styvingstrær av Alm.jpg - Klikk for stort bilete David Imhof

 

Regionalt miljøprogram for Rogaland (RMP) er ei tilskotsordning for ulike miljøtiltak i landbruket. Det er nasjonalt miljøprogram med nasjonale mål og strategiar og nasjonale verkemiddel som set rammene for dei regionale miljøprogramma.

I Finnøy er det om lag 70 føretak som søkjer RMP-tilskot kvart år. Dei forskjellege tilskotsordningane i programmet varierer litt men har dei siste åra innehalde tilskot til mellom anna:

·         skjøtsel av bratt areal (minimum 15 daa)

·         vedlikehald av turstiar

·         skjøtsel av styvingstrær

·         skjøtsel av gravminner (minimum 3 stk)

·         skjøtsel av andre automatisk freda kulturminner (minimum 15 daa)

·         dyr på beite i verneområde (Kvanndalen, Nord –Talgje)

·         tilrettelegging av fuglebiotop (Hauskjevatnet)

·         dyr på beite i areal med spesielle verdiar (Nord –Talgje)

·         ugjødsla vegetasjonssoner mot vatn (Hauskjevatnet, Skartveitvatnet)

 

Ordninga inneheld også mogelegheit for å inngå spesiell miljøavtale.

Tilskot til slike miljøtiltak kan bli gitt til alle føretak som har rett på produksjonstilskot.

 

 

Søknadsfrist: 15. oktober kvart år.

Skjema: Viss du søkjer elektronisk via Altinn vil mykje informasjon vere førehandsutfylt og i kartportalen i det elektroniske søknadsskjemaet kan du hente inn dei innteikna tiltaka frå førre år utan å måtte gjere dette heilt på nytt.

Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 29.01.2018
 
Login for redigering