Produksjonstilskot

Produksjonstilskot.jpg - Klikk for stort bilete David Imhof

Produksjonstilskot er ei felles nemning for ei rekkje tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkje på. Utanom denne ordninga kjem RMP (Regionalt miljøprogram som også veldig mange føretak kan søkje på (RMP- ordninga ligg som eiga tilskotsordning, sjå der).

I Finnøy kommune er det om lag 210 føretak som søkjar produksjonstilskot kvart år. Produksjonstilskotsordninga omfatter ei rekke tilskotsordningar:

  • Tilskot til husdyrhald
  • Tilskot til grønsak-, frukt- og bærproduksjon
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
  • Driftstilskot i grønsak-, frukt- og bærproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
  • Tilskudd for dyr på beite
  • Areal- og kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

 

Vilkår for å kunne søkje om tilskot er at føretaket er registert i Enhetsregisteret (med organisasjonsnummer) innan søknadsfristen og at det driv vanleg jordbruksproduksjon. Tidlegare var det et krav om at føretaket måtte ha ein omsetning på minst kr 30 000,-. Dette er nå teke vekk, mens alle føretak har eit botnfrådrag på kr 3 000,- pr. søknadsomgang.

 

Det er mogeleg å søkje på papir, men søkjar du via Altinn er mykje av søknadsinformasjonen førehandsutfylt. Nye søkjarar kan også levere søknaden elektronisk. For å søke produksjonstilskot elektronisk kan du klikke på lenken til høgre.

 

Landbruksdirektoratet har varsla om nye søknadsfristar og nytt søknadsskjema frå sommaren 2017. Dette vil innebere at det i overgangsåret 2017 vil vere 3 søknadsfristar. Dette er 20.01 etter gamal ordning, 15.05 og 15.10 etter ny ordning. Frå 2018 vil søknadsfristane vere 15.03 og 15.10.

Sist endra 28.11.2016
 
Login for redigering