Investeringar (Innovasjon Norge)

Investeringar.jpg - Klikk for stort bilete

Over Jordbruksavtala  avsettast det kvart år midlar til bygdeutvikling (Bygdeutviklingsfondet). BU-midlane er det viktegaste økonomiske virkemidlet i jordbruksavtalen for å få til næringsutvikling i og knytt til jordbruket. Landbruksdepartementet fastsetter den overordna forskrifta, mens Innovasjon Norge har et styre som lager retningslinjer for bruk av midlane. Det meste av midlane tildelast på fylkesnivå, og i Rogaland administrerast dei av Innovasjon Norge -Rogalandskontoret etter oppdragsbrev frå Fylkesmannens Landbruksavdeling. 

Innovasjon Norge har eit bredt spekter av tenester som er viktig for utvikling av landbruksbedrifter. Deira verkemidlar kan støtte deg i vidareutvikling av en eksisterande verksemd eller i arbeidet med din nye idé. Dei mest vanlege tilskotsordningane er:

 
TILSKOT INNAN TRADISJONELT LANDBRUK
Til driftsbygningar og andre landbruksbygg kan det gis tilskot til både nybygg og større påbygg eller ombyggingar. Tilskotet er avgrensa til maksimalt inntil 33 % av godkjent kostnadsoverslag.
 
TILSKOT INNAN TILLEGGSNÆRING (LOKALMAT OG OPPLEVELSAR OG GARDSTURISME)
Ved etablering av tilleggsnæringar kan det løyvast tilskot til idéavklaring, etablering, utvikling og investeringar. Slik bedriftsretta støtte vert kalla midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU). Spesielt for Rogaland er at når det gjeld gardsturisme så vil utleigeeiningar blir normalt berre prioriterte der det er eit visst omfang, og er i kombinasjon med aktivitetsbaserte opplevingar.  
 
Det kan gis tilskot opptil 75 % av godkjent kostnadsoverslag etter denne ordninga, men tilskotsdelen er vanlegvis langt lågare.
 
TILSKOT I SAMBAND MED GENERASJONSSKIFTE
Det kan løyvast tilskot til mindre investeringar i samband med overtaking av landbruks-eigedom, vanlegvis inntil kr. 1 000 000 i godkjente kostnadar. Ny brukar skal stå som søkjar, og det må søkjast innan 5 år etter overtakinga. Det kan berre søkjast ein gong. Det skal leggast særleg vekt på utløysing av utviklingspotensiale og framtidig verdiskaping i den omsøkte produksjonen. Prosjekt som inngår som eit første ledd i ei større satsing, har prioritet.
 
TILSKOT I SAMBAND MED FRUKT- OG BÆRDYRKING
Til nyplanting innen økologisk frukt- og bærdyrking kan det gis tilskudd til inntil 50 prosent av kostnadene, begrenset oppad til 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket. Til nyplanting innen konvensjonell frukt- og bærdyrking kan det gis tilskudd til inntil 33 prosent av kostnadene, begrenset oppad til 33 prosent av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket. Det er utarbeida eige kriteriedokument for ordninga. Sjå fil til høgre.
 
TILSKOT TIL BYGGING AV GJØDSELLAGER
Det er ei eiga ordning for tilskot til bygging av gjødsellager. Krav er at lageret skal ha ein lagringskapasitet på minst 10 månader. Tilskotet kan vere inntil 30% av godkjent kostnadsoverslag med ei maksavgrensing på kr 150 000,- For tilskot til satelittlager og søknad i samband med miljøavtale gjeld eigne kriterier, mellom anna krav til 12 månader lagringskapasitet.
 
Det er også eige tilskotsprogram for «Inn på Tunet» og «Innovativt bruk av tre» og Innovasjon Norge tilbyr også lån til ny eller utbetring av bustad på gard. Dei tilbyr også lån i samband med dei fleste av tilskotsordningane omtalt ovanfor.
 
Søknadsfristar:
1.mars og 1.oktober
Søknad:
Søknad skjer elektronisk via Innovasjon Norge sine nettsider. Etter at søknaden er sendt sender kommunen ein uttale til søknaden og den går så til Innovasjon Norge for handsaming. Tildelingsprosessen tar i mange tilfelle nokre månader. Ryfylke Næringshage og landbrukskontoret i kommunen er behjelpeleg i søknadsprosessen.
Ein søknad er omfattande og må innehalde mellom anna teikningar og driftsplan. Sjå fil til høgre for kva dokument ein søknad må innehalde.
 
Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering