Nydyrking

Nydyrking.jpg - Klikk for stort bilete David Imhof

 

Finnøy kommune har i overkant av 15 000 daa dyrka jord. NIBIO (Norsk Institutt for bioøkonomi) tidlegare Skog og Landskap har berekna at det i kommunen er om lag 1 800 daa dyrkbar jord. Av desse er 890 daa myr, 490 daa skog, 400 daa beite og i underkant av 100 daa anna fastmark.

For å sjå kva areal dei har klassifisert som dyrkbar jord trykk her: Skog og landskap

 

Nydyrking av areal til jordbruksføremål skjer etter plan godkjent av kommunen. Med nydyrking meinast fulldyrking og overflatedyrking av jord, og gjenoppdyrking av jord som har ligge unytta i over 30 år. Føremålet med bestemmelser om godkjenning og plan er å sikre at nydyrking skjer på en måte som tar omsyn til natur- og kulturlandskap. Omsyn som vektleggast er om det er miljøverdiar som biologisk mangfald, kulturminne og landskapsbiletet. Det leggjast også vekt på å sikre driftsmessege gode løysningar. Behovet for dyrka jord er også moment som tilleggjast vekt. Dersom arealet som søkjast nydyrka er over 50 dekar, må det vurderast om tiltaket skal konsekvensutredast. Ved nydyrking mot vann eller sjø settjast det i dei fleste tilfelle krav til vegetasjonssone.

Det var for nokre år sidan blei det lagt fram eit forslag for Stortinget om å forby nydyrking av myr, pga. frigjering av C02 i atmosfæren. Dette blei heldigvis ikkje vedteke og kommunen har store potensial i nydyrking av myrareal spesielt på Ombo.

 

Søknad om nydyrking sendast på skjema som du finn i fil til høgre. I tillegg til søknaden må det vere eit kart som viser kva areal du søkjar om å få dyrka.

 

Saksgang

Kommunen handsamer saka, men alle nydyrkingssaker må sendast på høyring til Fylkeskommunen sin kulturmynde. Viss det er registerte miljøverdiar eller biologisk mangfald av større interesse, må også Fylkesmannen gis mogelegheit til uttale. Ein må derfor pårekne meir enn ein månad før saka er ferdig behandla.

 

For spørsmål kan du kontakta fagkonsulent landbruk eller kommunen sin landbrukssjef.

Sist endra 28.11.2016
 
Login for redigering