Forskrifta omfattar nybygging og ombygging av landbruksvegar, der landbruksverksemd utgjør hovudføremålet. Om hovudføremålet med vegen ikkje er landbruk eller skogbruk, må det søkjast om løyve/dispensasjon til bygging av veg etter regelverket i Plan- og bygningslova og evt. veglova.
Ved planlegging av bygging av landbruksveg brukast handboka «Normaler for bygging av landbruksveger» som du finn som lenke til høgre i biletet.
Søknad om bygging av landbruksveg sendast på skjema som du finn i fil til høgre. I tillegg til søknaden må det vere eit kart som viser vegtrasé.
Saksgang
Kommunen handsamer saka. Fylkeskommunen si kulturavdeling er høyringinstans i samband med kulturminne. Om vegen kan kome i konflikt med verdifullt naturmangfald, må ho sendast på høyring til Fylkesmannen. I nokre tilfelle er også Statens vegvesen høyringspart.
For spørsmål og informasjon kan du kontakta fagkonsulent landbruk eller kommunen sin landbrukssjef eller lese "spørsmål og svar" på Landbruksdirektoratet sine sider.